GLADMELDING: Anna Avdem, styreleiar i Vennskap Jeriko-Lærdal, er glad for signala frå politikarane.
GLADMELDING: Anna Avdem, styreleiar i Vennskap Jeriko-Lærdal, er glad for signala frå politikarane. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ho jublar over at politikarane vil halda fram venskapet med Jeriko

Venskapet mellom Jeriko og Lærdal har vart i tjue år, men har vore trua av skrantande økonomi etter at regjeringa vedtok å kutta i støtta til frivillge organisasjonar.

Lærdal: – Me og over hundre frivillige organisasjonar er råka, og står no på bar bakke økonomisk, sa Anna Avdem, styreleiar for Vennskap Jeriko-Lærdal då ho møtte politikarane i formannskapet torsdag.

Kvart år har ein delegasjon frå Lærdal besøkt Jeriko, medan representantar frå venskapsbyen på Vestbredden har teke turen andre vegen. Avdem fortalde at det er sterke band som er knytt over tjue år, og argumenterte for at dei må førast vidare.

– Venskap er ikkje noko du berre kutta, du sler ikkje av handa til vennane dine, sa Avdem.

Les òg: Politikarane har lyst til å halde fram med Jeriko-venskapet

Spørsmål om pengar

Ho utfordra politikarane til å setta av pengar i busjettet for at turane skal kunna halda fram.

– Skal eit venskap kunne leva, så må ein treffast. Og det er det som kostar pengar, sa ho.

Ordførar Jan Geir Solheim tykkjer venskapet har bidrege mykje til Lærdalssamfunnet.

– Spørsmålet er om me skal fortsetta, og eventuelt kor me finn pengar. Det kostar rundt 100.000 kroner i året, sa han under drøftinga i møtet.

Avdem fortalde at dei hadde prøvd å finna andre inntekter, mellom anna frå sponsorar, men at dei berre har fått tak i småpengar i denne samanhengen. 

Klart svar frå politikarane

Diskusjonen rundt bordet gav tidleg signal om at dette er noko politikarane ønskjer å støtta. Etter forslag frå Kåre Mentz Lysne (Ap), meinte rådmannen at det burde lagast ein pott i kulturbudsjettet, samt retningslinjer for korleis dei skal handtera utgiftene til dei kommunalt tilsette som er med på turen.

Ordførar Solheim bad om at saka kom opp att i første møte etter sommaren.

– Då har me eigentleg bestemt at venskapet held fram, konkluderte han då diskusjonen var over.

Det er styreleiaren meget glad for.

– Ikkje berre for min eigen del, men for heile Lærdal sin del. For det er ein kontakt som gir oss veldig mykje. Me ser at folk er folk, og det er ein unik sjanse til å læra litt meir om verda, seier Avdem.

Til toppen