DEMONSTRERTE: Onsdag var Bente Øien Hauge på plass framføre Stortinget og demonstrerte saman med Folkerørsa for lokalsjukehusa. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
DEMONSTRERTE: Onsdag var Bente Øien Hauge på plass framføre Stortinget og demonstrerte saman med Folkerørsa for lokalsjukehusa. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Ho kallar Høies plan ei oppskrift på nedlegging av lokalsjukehusa

Onsdag demonstrerte det landsomfattande nettverket Folkerørsla for lokalsjukehusa framføre Stortinget med Bente Øien Hauge i spissen.

Lærdal: Lærdalskvinna er koordinator nettverket som samla om lag 1000 personar og demonstrerte framføre Stortinget onsdag. Samstundes var Bent Høie (H) i Lærdal på Lærdal sjukehus for å sjå korleis sjukehuset klarar seg utan akuttkirurgi.

Same dag uttalte Hauge til NTB at Høies plan er ei oppskrift på nedlegging av lokalsjukehusa. Høie har tidlegare sagt at sjukehus burde ha eit pasientgrunnlag på 60.000 til 80.000. Til Porten.no utdjupar ho.

– Eg har berre kommentert ein del av planen eller snarare, eit premiss for den. Eg reagerer på uttala fra Høie om at befolkningsgrunnlaget må vera på 60.000 til 80.000 pasientar på eit sjukehus for å bevare døgnbemanna akuttkirurgi, noko som inneber at halvparten av sjukehusa kan miste denne funksjonen. Det meiner eg er oppskrifta på ta vekk dei mindre sjukehusa, eller rett og slett demontere dei, seier Hauge.

Høie tek avstand frå skildringa

Under besøket i Lærdal fortalte Høie til Porten.no at han var imponert over måten Lærdal sjukehus dreiv og korleis spesialisthelsetenesta var organisert i Sogn og Fjordane. 

Han tek avstand frå skildringane og meiner tvert imot at dei som tek ordet for at sjukehusstrukturen skal organiserast etter akuttkirurgi i praksis er for nedlegging av sjukehus som det i Lærdal.

Artikkelen held fram under biletet.

BESØKTE LÆRDAL: Under besøket på sjukehuset onsdag fekk Bent Høie ei omvisning, der han fekk fortalt korleis sjukehuset klarar seg.
BESØKTE LÆRDAL: Under besøket på sjukehuset onsdag fekk Bent Høie ei omvisning, der han fekk fortalt korleis sjukehuset klarar seg.

– Viss ein får hjerneslag her i Lærdal, vil ein få den hjelpa ein skal ha ut frå dei nasjonale standardane som er sett, og det kunne me ikkje gjort om me ikkje hadde hatt eit sjukehus her som jobbar med Førde. 

Les også: Høie: – Ingen grunn til at Lærdal sjukehus ikkje skal bestå

– Det betyr at dei som tar til ordet for at det er den akutte kirurgien som skal bestemma korleis sjukehusstrukturen skal sjå ut i Noreg, dei tar i realiteten ordet for at denne typen tilbod som her i Lærdal ikkje skal eksistera i framtida, og det er eg ueinig i. Eg meiner at det er av stor betydning for den lokale medisinske beredskapen at ein òg kan ha eit sjukehus med indremedisinsk beredskap slik ein har her i Lærdal og jobbar i samarbeid med andre sjukehus, seier Høie til Porten.no.

Det er sju år sidan Lærdal mista denne akuttkirurgien, noko til dømes beredskapsleiar på sjukehuset, Kåre Mentz Lysne, har uttalt til Porten.no var noko som måtte til for at ein skulle overleva.

Dominoeffekt

Men Hauge er oppteken av at sjølv om denne endringa ikkje vil råke Lærdal sjukehus, så er det framleis andre lokalsjukehus som kan få det tøft.

– Det blir ein dominoeffekt, hjelpa blir berre lenger og lenger unna. Då dei tok kirugisk akuttberedskap her i Lærdal, vart det vist til at Førde og Voss sjukehus hadde det.

– Når Voss no står i fare for å miste akuttilbodet, blir me i Sogn meir utrygge. Går det då eit ras i Sogndalsdalen, eller vegen til Førde blir stengt av andre grunnar, då blir Haukeland næraste akuttberedskap. Det er noko ingen tykkjer er greitt, seier ho. 

Hauge ser no tilbake på ei hektisk veka i Oslo. 

– Det har vore intense dagar med landssamling i Folkerørsla for lokalsjukehusa tysdag, Senterpartiet si grasrothøyring og den nasjonale demonstrasjonen framfor Stortinget onsdag og mykje mediemerksemd.

Til toppen