Sogndal: I april kjem bryllupsfotograf Frøydis Geithus til heimbygda og Sogndal Filmfestival for å fortelja om karriera si. Ho har vunne fleire prisar, og er den einaste kvinnelege fotografen som er ambassadør for Nikon i Norden og Baltikum.
– Å få dokumentera bryllup, handlar om å fanga dei små detaljane, som ein far som omfavnar dotter si ein siste gong før dei går ned kyrkjegolvet. Eller tårene til brura når ho rørt høyrer talen frå sin nybakte ektemann. Ein bryllupsdag er full av slike augneblikk, og å få lov til å dokumentere dette er det beste med jobben min, seier Geithus i ei pressemelding frå Sogndal filmfestival.
Geithus flytta til Oslo i 1997, men reiser verda rundt på oppdrag. Likevel finn ho mange av favorittmotiva nettopp heime i Sogn. Mellom anna vann ho ein ein fotokonkurranse i 2017 med eit bilde frå Fjærland.
– Den siste tida har ho også jobba med eit filmprosjekt frå Sogn. Noko ho håpar ho får ferdig til å visa nokre smakebitar frå under filmfestivalen vår, seier Thea Wigum i pressemeldinga.