SPEKTIKAR: Spesialrådgivar Helene Bank i For Velferdsstaten er både skeptisk og kritisk til at kommunar vel å gi frå seg velferdstenester til private leverandørar.
SPEKTIKAR: Spesialrådgivar Helene Bank i For Velferdsstaten er både skeptisk og kritisk til at kommunar vel å gi frå seg velferdstenester til private leverandørar. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Ho meiner det er problematisk at kommunar inngår samarbeid med private leverandørar av velferdstenester

– Me har politikarar som ikkje torer å seie at dette kan me løysa sjølv.

Årdal: Det seier spesialrådgivar i For velferdsstaten, Helene Bank. Ho forklarar kvifor det er problematisk at ein kommune som Årdal samarbeider med ein privat leverandør av velferdstenester som Melås i Sogn.

– Utgangspunktet er for det første at private har som hovudføremål å ha avkastning på kapital. Når ein kommune ønskjer gode tenester og møter dei ein som vil ha avkastning på kapital, kan ein gjerne ha ein tanke om felles mål, men realiteten er at det fort vil vera press på å få ned kostnadene. På til dømes rus og psykiatri er personell heilt avgjerande, seier ho til Porten.no.

Onsdag besøkte Bank Årdal som ein del av Fagforbundet si reise med bubil gjennom fylket. Ho viste mellom anna til Christer-saka på Kaupanger, der det blei opna tilsyn mot Melås og Årdal kommune etter at han forsvann og ikkje er funnen sidan.

– Alle desse stadene me har sett desse krisene, ser me at det har vore press på personell. Då er spørsmålet om Årdal kommune tenkjer at dei vil leggja inn så mykje kontroll som er naudsynt og sikra at tenestene vert levert, eller om dei heller vil utvikla noko saman med offentlege eller ideelle aktørar som har rus- og psykiatribehandling som mål.

KONTROLL: Ordførar Arild Ingar Lægreid (t.h.) seier kommunen hans helst vil løysa offentlege oppgåver sjølv.
KONTROLL: Ordførar Arild Ingar Lægreid (t.h.) seier kommunen hans helst vil løysa offentlege oppgåver sjølv. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Ein kommune som helst ikkje vil ha privatisering

Sjølvsagt vil kommunen føra kontroll, er svaret frå ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap). 

– Det er det ikkje tvil om. Det ligg i opplegget at me skal føra kontroll og ha eit visst ansvar sjølv om ein set ting vekk, seier han.

– Me er inne i ein ny reform rundt rus og psykiatri, og utgangspunktet vårt er at me ønskjer å ta tak i og utføre dei tenestene sjølv. Me er ein kommune som helst ikkje vil privatisera.

I sommar skreiv Porten.no at Melås vurderer eit intermediært senter i kommunen for å tilby behandling til rus- og psykiatripasientar. Her er ein ikkje komen heilt i mål enno, men ordføraren fortel at det ikkje ser ut til å bli noko av det som ein gong var planlagt.

Skatteparadis

Helene Bank meiner politikarane ikkje torer å seie at dette er ting dei kan løyse på eigahand og viser til det kommunale asylmottaket i Florø, som har blitt dratt fram som eit godt døme på korleis kommunen kan drive bra. 

Porten.no kunne i fjor også fortelja at den nye eigaren av Melås er registrert i eit skatteparadis. Også det tykkjer spesialrådgivaren i For velferdsstaten er problematisk. 

– Då anar me ikkje kven som har ansvaret når ein har ei sak som med Christer. Alle vil seia at det er kommunen som har ansvaret, men det er jenta på 15 år (syner til knivdrapet på Sørlandssenteret i sommar journ. anm.) som blir sikta først, og kven andre som har ansvaret veit me ikkje. Politikarane vil seie at det var det private selskapet braut kontrakten.

Bank har heller inga forståing for at hardt pressa økonomisk kommunar som argumenterer med at andre kan gjere dette betre enn dei sjølve.

– Over tid vil ein få dårlegare tenester for meir pengar, spesielt på velferdstenester fordi det er så dårlege lønningar. Går ein inn og tenkjer annleis og er politikar i staden for administrerande direktør, vil ein få ein heilt annan situasjon.

Til toppen