EIT TOMT SKAL: I bakgrunnen skimtast restene av det som for eit par dagar sidan var ein heim. Vibeke Johnsen seier omsorg frå venekrets og bygdefolk har betydd mykje i dei tøffe dagane etter brannen.
EIT TOMT SKAL: I bakgrunnen skimtast restene av det som for eit par dagar sidan var ein heim. Vibeke Johnsen seier omsorg frå venekrets og bygdefolk har betydd mykje i dei tøffe dagane etter brannen.

Ho og familien tapte alt, men fann støtta frå ei heil bygd

SV-politikar Vibeke Johnsen har alltid oppmoda folk i vanskelege situasjonar om å ta imot hjelp. No må ho følgje sitt eige råd.

Sogndal: Det flammane ikkje tok kan få plass i ein bærepose. Rett nok har dei ikkje sjekka kjellaren enno, men stort sett alt dei brukte er vekke.

Tre dagar etter brannen ligg gamle familiefoto utover asfalten i innkøyrsla til naboen. Nokre er heile, andre er svidde i kantane. Dottera i familien sorterer bileta og set dei inn i nye album. Ho plukker opp eitt av bestefaren og viser det til mor si som går forbi.

– Det trur eg han Leif blir veldig glad for å sjå, seier Vibeke Johnsen, som har stoppa opp.  

Bileta er blant dei få tinga brannmannskapa har greidd å berga frå ruinane.

Der går det no politifolk og brannekspertar i kvite dressar. Dei har starta den nesten umoglege jobben med å finne ut årsaka til brannen. Dei to pipene stig nakne opp frå restane av forkulla plankar. Lukta av våt kol heng framleis att i lufta. 

– Det kjennest som det er ei æva sidan, seier Vibeke Johnsen, der ho sit på altanen hos naboen med utsyn over fjorden.

Les også: Brannsjefen: – At det gjekk «berre» to hus her, er me rimeleg nøgde med

REDDA MINNER: Eit knippe familiebilete vart berga frå brannen. Oda Johnsen Longvanes i sorterar dei i nye album, medan nabojenta og mamma Vibeke Johnsen ser på.
REDDA MINNER: Eit knippe familiebilete vart berga frå brannen. Oda Johnsen Longvanes i sorterar dei i nye album, medan nabojenta og mamma Vibeke Johnsen ser på.

– Vi har fått ei fantastisk støtte

Åttito timar har gått sidan ho og mannen Leif Longvanes måtte rømme frå røyken og flammane midt på natta.

På den korte tida etter har dei kjent krafta frå ei heil bygd som føler med dei i tapet. Som er glade for at dei framleis er i live, trass alt. Lukkeønskingane har strøyma inn frå fjern og nær. Folk har tilbydd hjelp, overnatting, skyss, dei har kome med klær. Ein optikar opna butikken på søndag for at mannen hennar skulle få briller. 

– Vi har fått ei fantastisk støtte, omsorg og hjelp, frå dei som har det som jobb, frå folk vi kjenner godt, frå folk vi nesten ikkje kjenner og frå folk vi berre veit kven er. Så det er fantastisk å bu på ein slik plass, seier Johnsen.

Då mora hennar kom ein kjapp tur frå Trondheim vart ho overvelda over korleis lokalsamfunnet støttar opp.

KREVJANDE JOBB: Politiet og brannekspertar skal no prøve å nauste opp svaret på kva som var årsaka til brannen. Huset er så nedbrent at det blir svært krevjande. 
KREVJANDE JOBB: Politiet og brannekspertar skal no prøve å nauste opp svaret på kva som var årsaka til brannen. Huset er så nedbrent at det blir svært krevjande. 

– Det er vener, kjærleik, familie og folk som bryr seg som gjer livet verdt å leve. Det har vi merka, seier Johnsen.

Dei praktiske problema står i kø 

Det er mykje som må ordnast når eit heilt liv er brent til oske. Du skal snakke med forsikringsselskap, bank og politi. Fikse nytt bankkort, nye mobiltelefonar, datautstyr, førarkort, nye dokument. Kle, sko, bøker. Alt er vekke. Så har du det du aldri kan erstatte.

– Det følest så uverkeleg at vi ikkje har nokon heim, seier Johnsen.

Huset dei flytta til i 1995 var ein del av det historiske strandsitjarmiljøet i Sogndal. Her står husa tett i tett ned mot fjorden. Her vaks Sogndalsfjøra fram.

Den natta stod flammane metervis opp. Varmen knuste vindauga på nabohusa. Men brannen spreidde seg ikkje, slik brannfolka ei stund frykta. 

– Det er godt for oss, når det først gjekk så gale, at brannen vart avgrensa til berre to hus. Det var takka vere ein fantastisk innsats av eit brannmannskap som visste kva dei skulle gjere, seier Johnsen.

Så var det heller ingen som mista livet. At det kunne ha gått verre er tankar som kverner i hovudet hennar. Dei går som små filmsnuttar. Ho ser det svarte teppet som veltar mot ho då ho opnar soveromsdøra. Ho kjenner tvilen då ho lukkar att døra med ein gong, lurer på korleis ho skal kome seg ut.

Og vel ute, den djupe fortvilinga før dei får høyre at sonen er trygg.

FLAMMEHAV: Biletet er teke frå runesteinen ved sidan av Stedje kyrkje klokka 2.27 natt til søndag.
FLAMMEHAV: Biletet er teke frå runesteinen ved sidan av Stedje kyrkje klokka 2.27 natt til søndag.

Skal byggje nytt på same plassen

Noko ho derimot ikkje tenkjer for mykje på, er kva svar dei kvite dressane grev fram frå oskehaugen rett attmed.

– Det er klart det er viktig å finne ut kva som er årsaka, viss det er noko å ta lærdom av. Men vi veit det ikkje var uforsiktig omgang med eld, verken av oss eller naboane den dagen og kvelden, seier Johnsen.

– Vi visste kor tett vi budde, så vi var forsiktige og passa på. Tok den ekstra turen på nyttårsafta for å sjekke om det ikkje låg ein rakett og ulma. 

Det er krevjande å byggje opp ein heim heilt på nytt. Men med god hjelp frå bygda blir jobben i det minste lettare. Målet er klart. Huset skal opp att der det stod.

– Vi er einige om at vi skal tilbake. Men vi veit at det vil ta tid, seier Johnsen.

RUINAR: Sivilforsvaret driv med ettersløkking tidleg søndag morgon. Berre dei to pipene, grunnmuren og eit par av hushjørnene står att. Også det gule nabohuset er totalskadd.
RUINAR: Sivilforsvaret driv med ettersløkking tidleg søndag morgon. Berre dei to pipene, grunnmuren og eit par av hushjørnene står att. Også det gule nabohuset er totalskadd.
Til toppen