CAMPINGPLANAR: Annike Vanberg og mannen Hans Tønjum ønskjer å starte ein småskala campingplass på eigedommen sin på Tønjum.
CAMPINGPLANAR: Annike Vanberg og mannen Hans Tønjum ønskjer å starte ein småskala campingplass på eigedommen sin på Tønjum. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Ho og mannen hennar vil utnytte den enorme auken av Kongeveg-turistar

No vil Annike Vanberg og mannen Hans Tønjum lage småskala campingsplass på tomta si.

Tønjum: Paret er busett på Bruvoll på Tønjum i Lærdal. I sommar har dei lagt merke til at mange fotturistar som ruslar forbi. Det ønskjer dei å dra nytte av.

– Me sit på eit lite småbruk midt i eit jordbruksland, men me har ikkje no ønske om å bli bærbønder. Samstundes føler me at me må bruka eigedommen til noko, seier Vanberg, som også sit i formannskapet i Lærdal, der ho representerer SV.

Då landa ho og mannen hennar på at ein campingplass kunne vera tingen. På eigedommen har dei i dag eit eldre hus som dei held på å pussa opp. I tillegg vil dei byggja to–tre små hytter som kan nyttast til overnatting.

– Me har skjønt at det er eit enormt behov for overnattingsplassar i Lærdal. Hans har frakta på nokre av turistane, og når dei strandar, finn dei aldri ein ledig plass å bu. Så no søkjer me om ei reguleringsendring, legg ho til.

Kraftig auke

Som Porten.no har omtalt tidlegare, har særleg Kongeveg-bedriftene merka trafikkauken i sommar etter at den historiske ruta fekk den vidgjetne Europa Nostra-prisen i vår. Hjå Knut Maristuen, som også driv med overnatting, har det vore ein auke på 40 prosent i tal turistar i sommar. 

Det er nettopp denne auken som gjer at Vanberg og Tønjum tenkjer at dette er noko dei vil gå for.

– Me føler at sjølv om me må investere i dette, så er det ikkje ein stor risiko. Så lenge me gjer dette edrueleg, veit me at dette går bra.

Landbruksområde

– Dette er jo eit landbruksområde. Kor trygge er de på at de får lov til dette?

– Me er førebudde på eit avslag. Det er noko me har diskutert. Difor gjer me dette først for å sjå om det er mogleg. Men det er lenge sidan det har vore jordbruksaktivitet her. Me kjøpte småbruket for 15 år sidan, og det er fleire tiår sidan sist det var jordbruksaktivitet. Difor har me eit håp om at dette går gjennom, svarar Vanberg.

Kommunen er positiv

Kommunen uttalar iallfall at dei er positive til planane. I saksutgreiinga forfattar sakshandsamar Monika Lysne følgjande:

– Administrasjonen ser det som svært positivt at det kjem private initiativ til å leggje til rette for fleire overnattingsstadar i kommunen. Det har vore ei svært stor auke i mengde fotturistar i kommunen denne sommarsesongen, i størst grad knytt til Kongevegprosjektet.

– Det har kome tydeleg fram at kommunen ikkje har tilstrekkeleg tilgjengelege overnattingsstader til desse turistane. Ein campingplass på Tønjum kan vere eit viktig bidrag for å dekke behovet for fleire overnattingsstadar i dalen.

Til toppen