Årdal: På eit møte i nominasjonsnemnda tysdag presenterte Årdal Arbeidarparti sitt første listeframlegg før valet i 2019. På andreplass, bak Hilmar Høl, finn me Anne Kauppi.
Ho er svært glad for tilliten, men har ambisjonar om meir.
– Eg har lyst til å gje Hilmar Høl kamp om førsteplassen. Så er det medlemmane som skal bestemma til slutt, seier ho.
Blir bestemt til hausten
Fristen for å komma med innspel til lista er 7. september. Den endeleg liste fra nominasjonsnemda vert lagt fram for medlemmane på eit eige nominasjonsmøte i slutten av september.
Kauppi meiner ho har det som skal til for å bli den første kvinnelege ordføraren i Årdal.

– Eg har vore lokalpolitikar sidan 1999 og har heile tida engasjert meg i lag og organisasjonar. Eg driv ei bedrift som har ansvar for lærlingar, og kjenner såleis bedriftene og næringslivet i Årdal veldig godt. Eg har òg jobba i skule og kjenner skuleverket, seier Kauppi.
Siktar høgt
Ho vektlegg at engasjementet hennar heile vegen har vore lokalt. Ho har aldri vore «utanrikspolitikar», som ho seier.
– Difor meiner eg at eg er den beste ordførarkandidaten Arbeidarpartiet kan ha, seier Kauppi, før ho legg til at ho håpar det ikkje framstår svulstig.
– Det hadde ikkje vore vits for meg å stilla om eg ikkje hadde ambisjonar om å bli ordførar. Det må vera lov å seia, seier ho.