SER ETTER VERTSKAP: Sigrid Henjum i Sogndal Lodge & Guiding ser no etter eit vertskap som kan drive fjell- og fjordsportsenteret på Dampskipskaien i Sogndal på heilårsbasis.
SER ETTER VERTSKAP: Sigrid Henjum i Sogndal Lodge & Guiding ser no etter eit vertskap som kan drive fjell- og fjordsportsenteret på Dampskipskaien i Sogndal på heilårsbasis.

Ho ser etter nokon som vil drive Dampskipskaien i Sogndal

– Me ønskjer nokon med friske idear, som samstundes har lyst til å vidareføra måten me har drive desse somrane, seier Sigrid Henjum.

Sogndal: Dampskipskaien treng nytt vertskap, men det er inga typisk stillingsannonse ho no går ut med, med lovnader om fast lønn og spesifiserte arbeidsoppgåver.

– Her får du sjansen til å skapa din eigen arbeidsplass. Me veit det er mange som kanskje har gått med den draumen veldig lenge. No har dei moglegheiten, seier Henjum. 

Les også: No skal dei pusse opp kaihuset for fleire millionar
Les også: Slik vil dei skape eit senter for fjell- og fjordsport i Sogndal

OPNAR I MAI: Kaihuset i Sogndal skal bli til ein møteplass for friluftsfolk. Oppussinga av førsteetasje er allereie godt i gong. No manglar berre vertskapet.
OPNAR I MAI: Kaihuset i Sogndal skal bli til ein møteplass for friluftsfolk. Oppussinga av førsteetasje er allereie godt i gong. No manglar berre vertskapet.

Blir heilårsverksemd

Sigrid Henjum er kanskje best kjent frå NRK-serien Fjellfolk og driv Sogndal Lodge & Guiding saman med mannen Sander Buene. 

Dei siste somrane har dei stått i spissen for forsøket med å skape eit kafètilbod nede ved fjorden. Frå nyttår tok dei, saman med ei rekkje sentrale aktørar i bygda, over leiga av heile det oransje byggjet.

På sikt har dei store planar, men førebels er lokala blitt litt større, litt betre isolerte og fått litt betre standard på toalett og kjøken. Cafèen vil bli vidareført, samstundes som målet er å skape ny aktivitet og kople det opp mot guidingverksemdene og det gryande friluftsmiljøet i bygda.

– No skal me prøva å ha det ope heile året, seier Henjum.

Sentral rolle

Dei som tek over slepp å byrje på bar bakke. Konseptet er allereie testa ut, husleigekontrakten i boks og oppussinga vil vere unnagjort. I tillegg vil dei få støtte og hjelp av eit heilt miljø, med tungvektarar som Bratt Moro i spissen, som ønskjer at dette skal lukkast.

– Eg trur ikkje det er ei så skummel oppgåve å kasta seg ut i. Men du må ha litt guts, seier Henjum.

Dei eller den som tek på seg oppgåva må forvente å få ei sentral plass i bygda, ikkje berre geografisk.

– Eg trur ikkje du kan driva den her plassen og gå på butikken utan at nokon helsar på deg. Du må vera ein slik person som står i døra og strålar sjølvtillit og seier velkomen.

Målet er at dei skal opne dørene i mai, forhåpentlegvis med det nye vertskapet på plass.

– Eg er veldig spent om me greier å finne dei rette personane. For dei rette personane har alt å seia, seier Henjum.

Til toppen