Ho sjarmerte Stedje Kyrkje under «Heilage Jolehelg»

Stedje kyrkje var tilnærma full då lokale artistar heldt stemningsfull konsert laurdag kveld.

Sogndal: – Eg er veldig godt nøgd med konserten, både innhaldet og framføringa. Det er alltid like spennande - me arrangerer dette for niande gong og litt av konseptet er å presentera eit nytt, ungt namn på scena. Kristina var heilt fantastisk - å ta publikum på den måten når du er åtte-ni år gamal er ein stor prestasjon, seier Terje Vatlestad i Sogndal Musikkforum.

Han snakkar om Kristina Holm Holen som sjarmerte 300 publikummarar i Stedje kyrkje med si unge røyst laurdag kveld. Dei unge, vaksne røystene i konserten tilhøyrde Helga Liland Farestveit, Marius Loftesnes og Cecilie Kristoffersen. Kjell Olav Høstaker Nordheim, soknesprest i Stedje Kyrkje, sang også.

Unge vaksne med talent utover det vanlege

– Det skal vera rimeleg lokalt forankra. Lokal ungdom står på denne scena. Økonomisk hadde det nok løna seg å få inn ein kjendis som Se og Hør skriv om - men me vil syna fram desse med eit talent utover vanleg. Nokre studerer musikk, dei fleste andre ting, fortel Vatlestad.

Stedje kyrkje var stemningsfullt lyssett og ei perfekt scene for sart julesong denne noko hustrige laurdagskvelden. Musikalsk leiar for prosjektet har vore pianisten Mats Vatlestad, han hadde lagt opp konserten med rullering på songarane så dei tok to til tre musikkstykke om gongen. 

Dette grepet braut opp og gav ein god miks av manne- og kvinnerøyster, mektigare stemmer og meir nedtona stemmer. 

– Kjempemoro å jobba med

Musikarane elles var Arild Slinde på obo/orgel og Børge Vatlestad på tangentar, Amund Stokke på bass og Sindri Eydal Fridriksson på gitar. I tillegg til Sogndal Musikkforum var Stedje Sokneråd medarrangør.

– Det er kjempemoro å jobba med. Me kunne ha fått fleire inn i kyrkja, men det var tett oppunder tre hundre der, så me fekk ei slik cirka full kyrkje.

– Dette var niande gong - då blir det vel ein tiande?

– No er me veldig slitne i dag, det er intensiv jobbing og ungdommane bur spreidd utover landet. Me møttest fredag og då er det sterkt å prestera det dei gjorde laurdag. Så me har har ikkje snakka om den tiande gongen, men ein kan vel kanskje ikkje slutta på den niande.

Til toppen