TILSETT: Leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam har nyleg tilsett Tone Boska til å drive prosjektet «Levande lokale» på Gamleøyri i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
TILSETT: Leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam har nyleg tilsett Tone Boska til å drive prosjektet «Levande lokale» på Gamleøyri i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Ho skal jobba med å skapa liv på Gamleøyri

Tone Boska er tilsett i Lærdal Næringsutvikling og skal jobba med levande lokale-prosjektet på gamle Lærdalsøyri framover. 

Tidlegare denne månaden var det klart at Lærdal hadde blitt plukka ut som tre kommunar i Noreg som skal ta del i eit nasjonalt pilotprosjekt.

Les også: Skal skapa liv i tomme lokale

Pilotprosjektet «Levande lokale» frå Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) har som mål å fylla tomme lokal i norske kommunar. På den måten skal ein førebyggja og motverka sentrumsdød i byar og tettstader. Lærdal er saman med Arendal og Tromsø plukka ut til å delta.

To nye er tilsett

Porten.no har tidlegare skrive at den tidlegare konsernsjefen i Lerum, Jan Petter Vadheim, vart tilsett i LNU til å jobbe spesielt med å utvikle Håbakken.

– No har vi tilsett Tone Boska som kjem frå arkitektgruppa Cubus, til å drive med tettstadprosjektet,  seier Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling. 

Boska sin nye jobb går ut på å setja funna av prosjektet i samanheng. 

– No skal me samla næringa, huseigarane og lokala. Det er mykje som skal sjåast i ein større samanheng. Hovudoppgåva vår er å samla erfaringar og skapa aktivitet, seier ho. 

Inspirasjon frå kunstnarmiljøet 

Boska trer inn i den nye stillinga 1. april. Samstundes startar også kartleggingsfasen av Gamleøyri. 

– Me ønskjer å snakka med dei som har lokale interesser og skapa eit kompetansemiljø i Lærdal, seier ho. 

Gruppa som skal jobba med prosjektet, ønskjer også å få kunnskap frå kunst- og kulturmiljøet i kommunen. 

– Gründerar og frivillege er hjarteleg velkomne til å koma med innspel. Eg trur kunstnarar tenkjer på ein nyskapande måte som vil vera verdt å testa ut. Difor vil me ha kontakt med kunst- og kulturmiljøet, seier Boska. 

Prosjektet skal vara i to år. Lærdal Næringsutvikling kjem til å jobba strategisk framover med å skapa eit apparat der ein kan dela felles erfaringar. 

– Me kjem til å sjå på kva for bygg som kan endrast og kva nytt me kan få til i dei for å skapa meir liv. Her er må me sjølvsagt ha ein tett dialog med kulturmyndigheitene om kva me kan gjera og kva me ikkje kan, avsluttar ho. 

 

 Lærdal Næringsutvikling er i gong med å spisse omstillingsarbeidet sitt, og her vil Håbakken få ei sentral rolle.

 

Tone Boska 

Til toppen