SATSAR: Mariell Øyre startar i september opp fotostudio og konseptbutikken "Fredag" på Gamle Lærdalsøyri. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SATSAR: Mariell Øyre startar i september opp fotostudio og konseptbutikken "Fredag" på Gamle Lærdalsøyri. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ho skal starta fotostudio og konseptbutikk

Mariell Øyre gir frå hausten av liv til Oddebui på Gamle Lærdalsøyri.

Lærdal: -  Det finst jo ingen fotostudio i Lærdal frå før, heller ikkje i Årdal. Og foto er hovudsakleg jobben min, seier Øyre.

Ho er opphaveleg frå Årdal, men bur no på familiegarden til mannen, Jostein Avdem Fretland i Lærdal.

Når Øyre frå hausten av opnar sitt eige fotostudio på Gamle Lærdalsøyri, er ikkje det fordi ho ikkje har noko å finna på frå før av. I tillegg til å vera fotograf, driv ho bloggen "Hjartesmil". Ho er spaltist i Kvinneguiden og for Matmerk. Og ho lagar nettsider

- Eg skal driva med dei andre tinga i tillegg, frå eit kontor i same bygningen som fotostudioet kjem, fortel ho.

Konseptbutikken fredag

Bygningen er Oddebui, som ei stund heitte Øyrastova. Den passar godt til føremålet forklarar ho.

- Eg jobbar berre med naturleg lys, og på baksida av bygget er det eit kjempefint, raudt murbygg. Her blir lyset reflektert inn på ein veldig flott måte. Eg tek alle typar foto; portrettfoto, barnefoto og så vidare.

Men det kjem ikkje berre fotostudio i Oddebui; ho skal også ha ein konseptbutikk inn i lokalet. Konseptet er helg.

- Tanken er at butikken skal heita Fredag og at ein her kan handla ting som gjer helga perfekt. Noko ein kan tolka så vidt ein vil. I utgangspunktet tenkte me også å halda ope berre på fredagar, men det er mogleg me får til ei løysing så me kan halda ope fleire dagar, til dømes ved at me set opp ei dørbjelle så me kan gå ut i butikken til kundar som droppar innom medan me elles sit og jobbar med andre ting.

Team

"Me" tyder at også denne Jostein, mannen hennar, skal ha ein finger med i spelet. Som ho har han mange jern i elden, og i mykje av arbeidet deira komplementerer dei kvarandre.

Les også:

- Me er jo eit team, då, presiserer ho.

Helgevarer kan vera slikt som eit V60-filter; eit kaffifilter i keramikk. Øyre er i dialog med Vilde Jensen Hjetland, kunstnar i Balestrand, om å designa eit heilt spesielt slikt filter.

Eller det kan vera skjereføla ho sjølv har designa. Det er inga kjedeleg trekvit skjerefjøl, men ei fjøl der eit lærdalskart frå 1835 er prenta inn i bjørk.

- Tanken er å laga ein heil serie produkt med trykk av dette kartet, mellom anna eitt ein ganger ein meter stort silkeskjerf. I tillegg til butikken, vil eg også basera meg delvis på internettsal.

- Greia med ein konseptbutikk er at den kan endrast til nye konsept. Det er slik me likar å jobba, seier Jostein Avdem Fretland medan han traktar ein påkravd klunk føremiddagskaffi. 

Opnar i september

På sett og vis heng desse produkta saman med "Typisk Lærdal"-prosjektet som no rullar i regi av Lærdal Næringsutvikling. Eit anna delprosjekt "Levande lokale" er noko av bakgrunnen for at ombinasjonen fotostudio og konseptbutikk blir realitet.

- I januar spurde dei som eig bygningen, Jon Tamnes og Hallvard Trohaug, om eg visste om nokon som kunne tenkja seg å starta konseptbutikk i desse lokala. Det var eigentleg starten, seier Avdem Fretland.

- Me kan jo håpa på litt handelslekkasje frå nabobygdene. Handelslekkasje til Lærdal; det hadde vore noko, humrar han.

Entreprenørar jobbar no med å få studioet og butikken klart til september, då blir det opning. 

- Massiv respons utanifrå

Sjølv om Øyre tykkjer det er skummelt å gå i gang med noko så stort som ein eigen butikk, hjelp det på at fleire konsept ligg an til å koma i andre lokaler på Gamle Lærdalsøyri.

- Det skjer veldig mykje bra i samband med desse prosjekta no, og det vil me vera med på, seier ho.

- Me føler me er ein del av det mest ordentlege forsøket på å skapa liv på Gamle Lærdalsøyri. Ein annan ting som er fint ved å starta butikk her, er at veldig mange ønskjer at ein skal lukkast, legg Avdem Fretland til, som no er ferdig med kaffien.

- Me har hatt og har veldig mykje idear, men no er me inne i ein praktisk fase. Me har fått massiv respons utanifrå, det er utruleg kult å høyra. Det gjer ein føler seg litt tryggare på det ein driv med, seier Øyre.

Til toppen