RASKAST: Ingen kvinner greidd å halda følge med Marita Hestetun frå IL Jotun. Ho leia frå start til mål, men vart pressa på slutten av Nancy Sommar.
RASKAST: Ingen kvinner greidd å halda følge med Marita Hestetun frå IL Jotun. Ho leia frå start til mål, men vart pressa på slutten av Nancy Sommar. (Foto: Lærdal IL)

Ho skulle eigentleg vera på jobb – sprang inn til siger i Galdane Rundt

Det er viktig å ha gode kollegaer på jobb, ikkje minst når det er mosjonsløp i nabokommunen.

Lærdal: Laurdag vann Marita Hestetun frå IL Jotun kvinneklassa i Galdane Rundt i Lærdal. Ho kom i mål på tida 44:08 minutt, 20 sekund føre neste dame. 

– Det er kjekt det. Eg har vore med eit par gongar før, men aldri vunne, seier ho.

Ho var eigentleg på jobb, men greidde å snika seg unna lenge nok til å stilla til start i Lærdal.

– Ein kollega stilte opp og jobba nokre timar for meg. Det var ein fin måte å løysa det på, seier Hestetun.

KONSENTRERT: Utøvarane gjer seg klare før startskotet går for 2018-utgåva av Galdane Rundt. Foto: Lærdal IL

Tek ikkje treninga altfor seriøst

Det er sjette året kongevegløpet Galdane Rundt vert arrangert. Løypa er 8,7 kilometer lang og er går på kupperte og historiske vegar i Lærdal.

Vinnaren er raus med skryten til arrangørane, som er hovudgrunnen til at ho ofra litt ekstra for å ikkje gå glipp av løpet.

– Det er alltid kjekt å komma att til den staben som arrangerer. Det er kjekke og positive folk, berre latter og smil. Trasèen er utfordrande og kjekk å springa. Lærdølene er gode på det, seier Hestetun.

Ho seier sjølv at ikkje tek treninga så seriøst, men er glad i å springa.

– Eg er veldig glad i å vera ute, og det å ta seg ein tur i fjellet. Då å få vera med på løp er ein kjekk bonus, eg trener ikkje for å vinna, seier Hestetun.

EINSAM MAJESTET: Rune Opem frå IL Dalebrand susa i mål som suveren vinnar i herreklassen. Foto: Lærdal IL

Suveren sigerherre

Andre beste dame var Nancy Sommar frå IL Varegg. Tredje raskast var Åslaug Golf Kaardal frå Lærdal IL.

Herreklassen i årets løp vart vunne heller suverent av Rune Opem frå IL Dalebrand. Med tida 31.43 var han tre minutt før Ivar Garpestad frå Sogndal Langdistanselag på andreplass.

Tredjeplassen tok Sondre Teigen Lillebostad frå Sogn CK, mannen som vann Galdane Rundt første gong det vart arrangert i 2013.

Til saman 70 personar sprang på tid og 100 deltok i mosjonsklassa.

Til toppen