SLUTTAR: Hilde Bjørkum frå Årdal gir seg i direktørjobben for Førdefestivalen neste år.
SLUTTAR: Hilde Bjørkum frå Årdal gir seg i direktørjobben for Førdefestivalen neste år. (Pressefoto)

Ho sluttar i Førdefestivalen etter nesten tretti år

Årdøl Hilde Bjørkum har, med få avbrekk, vore sjef for Førdefestivalen sidan 1989. Til neste år er det slutt.

Årdal/Førde: – Det har vore ei lang, spennande og lærerik reise. No er det tid for at nye krefter leier skuta vidare, difor har eg orientert styret om at eg ynskjer å tre av som direktør etter at festivalen neste år er gjennomført, seier Bjørkum i ei pressemelding.

Førdefestivalen har på dei snart tretti åra ho har vore leiar bygt seg opp til å bli den største i sitt slag i Skandinavia. Omsetnaden er no 19 millionar kroner i året og festivalen har blitt kjend langt utover landegrensene.

– Me har bygd festivalen stein på stein over mange år, med hardt arbeid og stort engasjement og i samarbeid med ei mengd gode hjelparar, frivillige, offentlege og private støttespelarar og gode samarbeidspartar innanfor kulturlivet, seier Bjørkum.

Ho vil no etter kvart gå over i ei femti prosent rådgjevarstilling ved festivalen. Stillinga hennar vert lyst ut like over nyttår. Styreleiar Tone Winje trur det blir stor rift om å få ta over direktørjobben.

– Hilde Bjørkum har lagt eit svært godt grunnlag gjennom sitt årelange arbeid. Me vil takka henne for den formidable innsatsen ho har lagt ned for å utvikla festivalen til det den er i dag. Den som no kjem inn vil ta over ein solid organisasjon med gode moglegheiter for vidare utvikling, seier styreleiaren i pressemeldinga.

Til toppen