Årdal: – No er det bestemt, seier Gunnar Huse, nyvald leiar i handballgruppa i IL Jotun.
Det han siktar til er trenarkabalen til Jotun/Årdalstangen før komande handballsesong: hovudtrenar blir Lene Høsøien, med trioen Helge Rørvik, Nina Jevnaker og Heiða Arsenault som hjelpetrenarar.
– Vi er veldig nøgde med å ha fått dei på plass. Utfordringa har vore å gå frå å ha ein lønna trenar, til noko som er dugnadsbasert. Det er ei stor endring, seier Huse.
I år, som i fjor, er ambisjonen til klubben å få på plass eit stabilt og godt lag. På sikt er det å rykke opp til tredjedivisjon.
– Om det skjer i år, eller litt fram i tid, er kanskje ikkje det som er vesentleg akkurat no, seier Huse.
Høsøien er tidlegare jotunspelar, men har dei siste to sesongane vore spelande trenar for Florø.
– Det er heilt topp og eg gler meg til å ta fatt på oppgåva. Det blir spanande å sjå korleis laget blir og kven som møter opp, så får me ta det derifrå, seier Høsøien, som for tida er på ferie i Bulgaria.