HAR TRUA: Fylkesordførar Jenny Følling har fått fornya tru på oppmjuking av fråværsreglane etter gårsdagens ministermøte. Foto: arkiv.
HAR TRUA: Fylkesordførar Jenny Følling har fått fornya tru på oppmjuking av fråværsreglane etter gårsdagens ministermøte. Foto: arkiv.

Ho tok fråværspraten med ministeren: – Håpar på oppmjuking

Fylkesordførar Jenny Følling har tru på ei oppmjuking av dei omdiskuterte fråværsreglane. 

Oslo: Fylkesordførar Jenny Følling møtte i går kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen for å diskutere dei nasjonale fråværsreglane. 

MINISTERMØTE: Leiar for opplæringsutvalet i Rogaland, Simon Nesse, fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane, Karianne Torvanger var med i delegasjonen.
MINISTERMØTE: Leiar for opplæringsutvalet i Rogaland, Simon Nesse, fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane, Karianne Torvanger var med i delegasjonen.

– Det var eit godt møte. Statsråden følgjer situasjonen nøye og var open for innspel. Han lytta til erfaringar skulane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har hatt dei første månadene med det nye fråværsreglementet. Eg håpar det skal vere mogeleg å få til ei fornuftig oppmjuking av regelverket, som tener elveane og andre involverte, seier fylkesordføraren i ei pressemelding

Les også: Full forvirring rundt fråværsgrensa

I år er det innført ei tøffare linje mot elevar som ikkje møter til timane. Over ti prosent fråvær kan føre til at du ikkje får standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Innføringa av grensa har fått ned fråværet på mange skular, men samtidig ført til utfordringar for elevane og ekstra trykk på legekontora.

Sogn og Fjordane vedtok i august at obligatorisk lærekøyring skal telje som lovleg fråvær og dermed vere unnateke den nyinnførte tiprosent-regelen.

Vedtaket vart seinare kjent ulovleg av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og politikarane har sett saka på vent til etter møtet med ministeren.

Til toppen