TOK SØLV: Åshild Standnes Magnes har spesialisert seg på køyring med hest det siste året, og det gav sølvmedalje i NM. Foto: Privat.
TOK SØLV: Åshild Standnes Magnes har spesialisert seg på køyring med hest det siste året, og det gav sølvmedalje i NM. Foto: Privat.

Ho tok sølvmedalje i NM på første forsøk

– Det er veldig gøy og overraskande. 

Årdal: Åshild Standnes Magnes frå Årdalstangen tok i helga sølv i køyring med hest under NM, og det på første forsøk.

– Eg har vore med på NM i fjordhest tidlegare med sprang og ridning, men i år har eg spesialisert med på køyring. Det er veldig gøy og overraskande fordi det er mange flinke med i teten. Dette er mitt først NM, så eg hadde ikkje dei store forhåpningane sjølv, seier ho til Porten.no.

Standnes Magnes har drive med hest i fleire år, både medan ho budde i Årdal og etter at ho flytta frå bygda. 

Konkurransen i helga går over tre dagar, der ein testar ulike ferdigheiter hjå førar og hest. For å delta må ein kvalifisere seg.

– Eg køyrer fjordhest. På den første dagen byrjar me med dressurkøyring, der ein dommar bedømmer. Deretter er det maraton i terrenget. Her er det om å gjere å passere hinder i stor fart og teste kondisjon og styrke, forklarar Standnes Magnes.

– Deretter skal hesten gjennom ein veterinærsjekk før det er presisjonskøyring med kjegler som har ein ball oppå. Då handlar det om å køyre fortast gjennom bana utan å rive ned ballar. Summen av desse tre dagane vert brukt til å kåre ein vinnar av.

For årdølen heldt dette til sølv, og om ei veke ventar nye sjansar når ho skal delta i EM i Danmark. Her er det berre fjordhestar som deltek.

– Eg var med for ti år sidan også, så dette blir eit slags jubileum for meg. Eg gler meg veldig til å delta, seier ho. 

Til toppen