Aurland: Monica Finden er ordførarkandidaten til Høgre i Aurland i kommunevalet 2019. Det vart klart etter at partiet hadde nominasjonsmøte på Sognaporten måndag
– Monica Finden er ein røynd og svært dyktig politikar. Ho har vore med i Aurland kommunestyre i fire periodar og er i dag leiar i Utval for omsorg, oppvekst og kultur, skriv Aurland Høgre i ei pressemelding måndag.
Dei to andre som er med frå den noverande kommunestyregruppa er Johannes Dalsbotten og Jonas Ure Hylland. Dei tek plass nummer to og tre på lista.
Òg ordførar Noralv Distad er forsåvidt i kommunestyret, men han tek sisteplassen på lista. Det var i sommar at Distad fortalde at han ikkje stiller som ordførarkandidat igjen. I staden vil han satsa på å gjera ein jobb for nye Vestland.
Jonas Ure Hylland er vald til ny leiar i Aurland Høgre.
Her er heile lista
- Monica Finden - ordførarkandidat
- Johannes Dalsbotten
- Jonas Ure Hylland
- Frode Bekkestad
- Benedicte Elisabeth Stedje
- Eirik Sønnerheim
- Olav Hylland
- Jon Arne Solhaug
- Leif Turlid
- Jon Olav Stedje
- Inger Grindheim
- Thorvald Andresen
- Nina Møgster
- Erling Sønnerheim
- Ivar Ohnstad
- Per Olav Bøe
- Noralv Distad