TOPPKANDIDAT: Anne Gine Hestetun toppar lista til nominasjonsnemnda i Vestland Ap.
TOPPKANDIDAT: Anne Gine Hestetun toppar lista til nominasjonsnemnda i Vestland Ap. (Foto: Pressefoto)

Ho toppar lista til Vestland Ap

Anne Gine Hestetun ligg fremst i løypa til å verta fylkesordførarkandidat for Ap i nye Vestland.

Vestland: Torsdag leverte nominasjonsnemnda til Vestland Arbeidarparti det første listeframlegget til valet i 2019.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun frå Årdal, tek førsteplassen på lista. Arve Helle frå Fjaler er nummer to og Jannicke Clarke frå Askøy er nummer tre.

Dei andre Indre-sogningane på lista er Senea Sabanovic frå Sogndal (nummer 13), Odd Atle Stegegjerdet frå Luster (26), Siv Bakken frå Årdal (29), Eli Hansen Moen frå Luster (35), Stig Ove Ølmheim frå Sogndal (38), Bjørn Moheim frå Vik (50), Henny Kristin Asperanden Navarsete frå Leikanger (53) og Christian Sønstlien frå Årdal (56).

Kommunane har frist til 1. desember med å handsama listeframlegget. I slutten av januar er det program- og nominasjonsmøte i Førde. Då skal den endelege lista spikrast.

Til toppen