FØRSTEKANDIDAT: Vibeke Johnsen er glad frå tilliten til partiet. – Då tenkjer eg at folk er rimeleg nøgd med den jobben eg har gjort
FØRSTEKANDIDAT: Vibeke Johnsen er glad frå tilliten til partiet. – Då tenkjer eg at folk er rimeleg nøgd med den jobben eg har gjort (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ho toppar SV-lista til stortingsvalet

Vibeke Johnsen frå Sogndal er nominert til førstekandidat for Sogn og Fjordane SV til stortingsvalet i 2017. 

Sogndal: Nominasjonskomiteen består av Jørgen Rolighed Bergset, Anne C. F. Eide og Heidi Grande Røys. Dei har levert forslaget som vert endeleg vedteken på nominasjonsmøtet 5. november.

Johnsen er partileiar i fylket og var førstekandidat ved førre val. Gauste Losnegard, leiar i Askvoll SV, er nominert som andrekandidat, medan Hege Lothe frå Gloppen er tredjekandidat.

– Eg synst det er hyggjeleg å få tillit frå partiet. Då tenkjer eg at folk er rimeleg nøgd med den jobben eg har gjort, sjølv om vi ikkje fekk plass sist, seier Johnsen.

Les også: Dette meiner politikarane om cruise i Sogndal
Les også: Sogndal ønskjer samanslåing med nabokommunane

SV er eitt av dei partia bak dei to store i fylket, Ap og Sp, som kjempar om utjamningsmandatet til Sogn og Fjordane. Utjamningsmandatet sikrar ein stortingsplass til eitt av partia som er underrepresenterte etter valet.

– Det litt tilfeldig kven som får det, men det betyr at vi har ein sjanse, seier Johnsen.

For ho vert klima og fordeling dei viktigaste overordna sakene i valkampen. 

– Klima er viktig for kloden og fylket. Stadig fleire er på flukt fordi klimaendringar tek frå dei livsgrunnlaget. Det er krig og konfliktar rundt ressursar. Eit villare og våtare klima gjer at vi òg kjenner på endringane lokalt. Her må kommunane må ta eit større ansvar, seier Johnsen.

Til toppen