HAR TRUA: Ergoterapeut Gudrun Heggestad trur at kvardagsrehabilitering er den einaste vegen å gå for å takle eldrebølgja. Metoden går ut på at eldre trenar seg opp til å klare seg sjølve slik at dei kan bu heime lengre.
HAR TRUA: Ergoterapeut Gudrun Heggestad trur at kvardagsrehabilitering er den einaste vegen å gå for å takle eldrebølgja. Metoden går ut på at eldre trenar seg opp til å klare seg sjølve slik at dei kan bu heime lengre.

Ho trur kvardagsrehabilitering kan temme eldrebølga

Sogndal er den første kommunen i Sogn som tilbyr kvardagsrehabilitering. Ergoterapeut Gudrun Heggestad trur fleire vil følge etter. 

Sogndal: I staden for at heimetenesta hjelper dei med kvardagslege gjeremål, skal dei eldre trene seg opp til å klare det sjølv. Etter å ha testa ut metoden i haust, innførte Sogndal kommune kvardagsrehabilitering som ei søkbar teneste frå første januar.

Førebels har ingen andre kommunar i Sogn slengt seg på trenden, men ergoterapeut Gudrun Heggestad i Sogndal trur det er ei utvikling som ikkje let seg stoppe.

– I framtida kjem alle til å drive med dette, spår ho.

Les også: Hilmar tek ​tilbake kvardagen med trening

Trenar for å klare seg sjølve

Det er kanskje mindre snakk om eldrebølgja no enn for nokre år sidan. Men at ho kjem er det ingen tvil om.

– Det vil ikkje vera nok helsepersonell i framtida til å yta dei tenestene som blir ytt i dag. Kvardagsrehabilitering er det me ser på som løysinga, i allefall ein del av den, seier Heggestad.

Treninga dei får kan hjelpe eldre å halde oppe funksjonsnivået lengst mogleg, og dermed bu lengre heime og trenge mindre hjelp frå heimetenesta.

– Utruleg artig

Alt dette vil spare kommunane for pengar, samstundes som dei eldre får betre livskvalitet og ei kjensle av meistring.

– Me skal framleis hjelpa folk som treng det, men veldig mange heimebuande som søkjer hjelp for første gong kan ha god gjelp av kvardagsrehabilitering, seier Heggestad.

Hilmar Vedvik frå Kaupanger (les om han her) var ein dei første i Sogn som testa ut metoden i praksis. Gudrun Heggestad har følgt han gjennom heile opptreninga og sett forvandlinga han opplevde på kort tid. 

– Me har visst at dette er eit opplegg som vil gje gode resultat, så vi er ikkje kjempeoverraska. Men det er likevel utruleg artig å sjå den framgongen han har hatt, seier ergoterapeuten

 

Til toppen