Årdal: «Trygge jobbar, nytt fleirtal». «Alle skal med». «Nytt fleirtal. Ditt val». «Omtanke, solidaritet, samhold». Dette var bodskapen arbeidarrøsla i Årdal ville ha fram på 1. mai.
Arbeid for alle var naturleg nok fokuset, men nestleiar i Årdal og Lærdal AUF, Sara Vie, uroar seg over eiga og andre unge si framtid.
Sjå bilete frå dagen øvst i artikkelen.
– Ungdom er framtidas viktigaste ressurs. Det er me som er framtidas bussjåførar, politikarar, ingeniørar og lærarar. Eg uroar meg over arbeidsløysa som er no. Det er den høgste på 20 år. Arbeidsløysa handlar ikkje berre om tal, men om menneske, sa ho i appellen sin.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det handlar om kvinner og menn som mistar den viktigaste tryggleiken dei skal ha. Ungdommen går ei usikker framtid i møte fordi dei kanskje ikkje kjem seg inn på arbeidsmarknaden. Me vil kjempa for at alle har ein jobb å gå til, der unge som fell utanfor skal få hjelp.
Framleis viktig dag
For sjølv om det nyleg kom fram at ingen er lykkelegare enn nordmenn, er det framleis mykje å kjempe for på ein slik dag. Rundt 2-300 personar trakk ut i finvêret i Øvre Årdal måndag for å gå i tog og vise solidaritet, der mellom anna Wegard Harsvik og Nils Petter Støyva frå LO deltok.
– Kvart år går debatten om det er behov for ein slik dag. Kva meiner du?
– Eg tykkjer det har vore mindre av den debatten dei siste åra. Mykje av det me trudde var sikra, må framleis kjempast for. Folk gjekk i tog då arbeidsmiljølova vart svekka, og kvinner engasjerte seg då deg kom forslag om å svekke abortlova. Folk er opptekne av arbeidsløysa, seier Harsvik, som er valkampleiar i LO.
Artikkelen held fram under biletet.

– Det vekker mykje engasjement i eit land der me er vande til full sysselsetting. På 90- og byrjinga av 2000-talet peika kanskje pilene nedover for denne dagen, men dei siste åra har det tatt seg opp, meiner han.
Må kjempe for å fåHøl på Tinget
Han kjem sjølv frå ei industribygd i Nordland og treivst godt i Årdal, der 1. mai framleis er ein viktig dag for mange. Saman med Støyva har dei to også rekt å besøke Gamleskulen og teknologisenteret på Hydro i dag.
Støyva meiner Årdal har mange saker å kjempe for i tida framover.
– Årdal kan få sin første stortingsrepresentant på 40 år. Skal ein få til det, må LO køyre løpet med sine 2500 medlemmar, seier han og siktar til Hilmar Høl.
Støyva var også innom saker som den vidaregåande skulen og rassikring.
– Dessutan er det viktig for Årdal at Hydro moderniserer her. Eg seier det så sterkt at eg tykkjer leiinga i Hydro har hoppa over Årdal, og no er det dykkar tur.