VIL FLYTTE: Tannlege Silje Hove meiner lokalet ho held til i dag ikkje er tilfredsstillande nok og ønskjer å flytte praksisen heim i eigen bustad. Men naboar og næringsapparat er skeptisk. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
VIL FLYTTE: Tannlege Silje Hove meiner lokalet ho held til i dag ikkje er tilfredsstillande nok og ønskjer å flytte praksisen heim i eigen bustad. Men naboar og næringsapparat er skeptisk. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ho vil flytte tannklinikken heim

Men både naboar og næringsapparatet er skeptisk til å flytte klinikken ut av sentrum og inn i eit bustadfelt. 

Årdalstangen: Tannlege Silje Hove held i dag til i tredje etasje i det gamle Samvirkebygget på Årdalstangen, men meiner lokala ikkje er tilfredsstillande.

Ifølgje ho sjølv finst det ikkje alternativ i nærleiken som fyller krav til mellom anna lokalisering og prisklasse. No vil ho byggje ut bustaden sin og flytte praksisen hit. 

Området er ikkje regulert for næring, og saka skal difor opp til handsaming i formannskapet tysdag. 

– Silje Hove ønskjer å halde fram praksisen sin, og den beste løysinga er å utvida bustadhuset og dermed få høvelege lokale til tannlegekontor slik at praksisen kan flyttast til denne eigedomen. Ho vel dette alternativet trass i dei kostnadene dette inneber. Med andre ord har ho eit langt perspektiv for å kunne forsvara investeringa, skriv far til Hove og styreleiar i verksemda hennar, Svein J. Hove, i søknaden. 

Naboar skeptiske til innsyn

Bustaden til Hove ligg i Løytnant Lems veg på Hæreid. Burettslaget har i eige møte godkjend at delar av eigedomen vert nytta som tannklinikk, men to av naboane stiller seg kritisk til flyttinga.

Naboane Roger Moen og Jannicke Hunshammer og Oddgeir Dvergedal og Wenche Clausen, begge busett i Kringlevegen, trekk fram spesielt tre forhold som går på innsyn, etablering av næring i bustadstrok og fare for at verksemda kan auke i omfang. 

– Tannklinikken som skal byggjast i andre etasje, vil få forholdsvis store vindauge med direkte innsyn til vår eigedom der me har vårt inngangsparti og sitjegrupper. Det vil gi innsyn til vår eigedom, som me ikkje kan sperre med tre eller hekk fordi det er såpass høgt, skriv Dvergedal og Clausen.

– Me meiner også at området der me har valt å busette oss, i utgangspunktet er rekna som bustadområde, og ikkje til næringsverksemd. I arealdelen i kommuneplanen i Årdal for 2011 til 2023 har kommunen som mål å auke tal innbyggjarar, og det er difor behov for bustader i bygda. Me meiner difor det blir feil å nytte bustadområde til næringsverksemd, skriv dei vidare.

Dvergedal og Clausen peikar også på at det allereie er ledige lokale i sentrum på Årdalstangen, og at ved å flytte endå meir næring ut av sentrum, vil det føre til at det vert meir aude enn det er i dag. 

Trur det blir fleire tilsette

Moen og Hunshammer peikar på mykje av det same, men vektlegg også at det er knytt usikkerheit til branntryggleik fordi eigedomane vert plassert rimeleg tett.

Dei hevdar også at storleiken på tannklinikken, som vil bli på 100 kvadratmeter, vil på sikt ha to-tre tilsette, og at det igjen vil gi parkeringsproblem i byggefeltet. Dei meiner også at utbygginga vil føre til for stor utnytting av tomtearealet. 

– Dette er ein rein spekulasjon og må så for deira rekning. Det ligg ikkje nokon føring om å tilsette personar i verksemda, svarar styreleiar Hove på merknadene. 

Vidare skriv han at omsynet til parkering er tatt vare på og at utnyttingsgraden slett ikkje vil vere for stor med 27,5 prosent mot 30 prosent som er tillate. 

– Eit fritt land

Av søknaden går det fram at tiltaket skal tilfredsstille universell utforming, at det ikkje vil medføre lukt eller støy, at aktiviteten stort sett vil foregå på dagtid når naboar er på arbeid eller skule, og at naboane ikkje mistar tapt utsikt eller sol. 

– Innsyn mellom eigedomar er ein funksjon av terrenget. Det er ikkje meir innsyn her enn normalt i Årdal. Det vert ikkje meir innsyn enn det er i dag, skriv han vidare og meiner blanding av næringsverksemd og bustader er eit kjend fenomen i Årdal utan at dette har vore noko problem.

– Det er masse ledige lokale, men til kva pris? Så lenge me har eit fritt land, så er det ikkje opp til kommunen å tilvise gamle eller dyre ledige lokal dersom ein person eller ei verksemd ønsker å etablere seg med noko som tener sitt eller deira føremål, skriv han og viser til Årdalsenteret og Europris-debatten i Øvre Årdal. 

Saka skal opp til handsaming i formannskapet tysdag med ei tilråding om at dei folkevalde seier ja. 

Til toppen