YOGA FOR NYBYRJARAR: Denne helga inviterer Trine Marie Johansen folk som er nysgjerrige på yoga med på nybyrjarkurs i Seimsdalen. Foto: Privat.
YOGA FOR NYBYRJARAR: Denne helga inviterer Trine Marie Johansen folk som er nysgjerrige på yoga med på nybyrjarkurs i Seimsdalen. Foto: Privat.

Ho vil ha deg med på yogabølgja

Stadig fleire nordmenn oppdagar yoga. No arrangerer Trine Marie Johansen kurs for nybyrjarar.

Årdal: – Her får deltakarane ei kort innføring på eit heilt grunnleggjande nivå. Dette er for dei som aldri har prøvd yoga, eller kanskje prøvd det ein gong eller to, fortel ho.

Den to timar lange workshopen finn stad i ungdomshuset i Seimsdalen. Johansen håpar mange finn vegen hit i helga og blir bitt av yogabasillen.

– Den generelle oppfatninga av yoga er at det er ein måte å bli mjuk eller trena på, men det er det ikkje. Ein har også fokus innover, å knyta tettare band med seg sjølv. Yoga er ein reiskap til å roe ned, der ein kan få svar på store og små spørsmål i kvardagen, forklarar ho.

Stadig meir populært

Med andre ord er yoga mykje meir enn berre tøying og strekking, slik ein kanskje kan få inntrykk av. Og nettopp det er det stadig fleire som har funne ut.

– I USA har det jo vore stort i 40-50 år, og eg vil seie at dei siste 10 åra har det vakse i Noreg også. Det dukkar opp nye studio heile tida som tilbyr masse timar kvar dag. I USA vert det til dømes nytta i privatskular fordi det viser seg å ha god effekt på konsentrasjonen til elevane, fortel Johansen.

– Alle kan drive med yoga

Ho trur det er mange som er nysgjerrige på å prøva, men som kanskje ikkje heilt torer. Desse oppmodar ho om å ta turen på nybyrjarkurset i helga.

– Det kan verka litt skummelt når ein ser supermjuke damer som går ned i spagaten, men det er ikkje det yoga handlar om. Så og seie kven som helst kan drive med yoga. 

Til toppen