INNOVASJON: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er viktig at partiet hennar kan bidra til å skape fleire innovasjonsklynger som Fosshaugane Campus. Foto: Sogndal Senterparti.
INNOVASJON: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er viktig at partiet hennar kan bidra til å skape fleire innovasjonsklynger som Fosshaugane Campus. Foto: Sogndal Senterparti.

Ho vil ha fleire Campus-klynger i fylket

Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er viktig at partiet hennar kan bidra til å skape fleire innovasjonsklynger som Fosshaugane Campus.

Sogndal: Stortingsrepresentanten besøkte nyleg campusmiljøet i Sogndal og var full av lovord om arbeidet som er gjort opp gjennom åra for å skape eit innovasjonssentrum i Sogn.

Då ho besøkte Fosshaugane nyleg, møtte ho mellom anna Kunnskapsparken, Sogndal Fotball, Falkeblikk, NLink og Rocketfarm.

Navarsete understrekar at det for Senterpartiet er viktig å bidra til at fleire slike klynger kan etablerast i fylket, også i mindre skala.

– Sogn og Fjordane har unike ressursar, og det skjer spennande etableringar. Desse kan styrkjast ved at ein samarbeidar breiare og skaper klynger innanfor ulike sektorar. Om Senterpartiet får makt etter valet, vil styrking av slike klynger bli ein viktig del av innovasjonspolitikken, seier Navarsete.

750 tilsette og 4000 ungdomar er dagleg i miljøet kring Campus, i eit yrande mangfald med læring, forsking og innovasjonar. Navarsete var både stolt og imponert over det miljøet har fått til så langt og over planane for framtida.

– Det nye innovasjonshuset som er under oppføring vil på ein enno betre måte knyte saman ulike deler av innovasjonskjeda, og gje nyetablerarar ei unik moglegheit til å hente kunnskap frå meir erfarne gründerar, seier Navarsete.

Til toppen