Sogndal: Som vi skreiv tysdag ønskjer Utdanningsforbundet at Sogndal skal auke bemanninga i barnehagane i kommunen til tre tilsette per avdeling og at to av desse skal vere pedagogar.
Fagforbundet er ikkje direkte usamd i dette, men meiner det viktigaste er å få opp talet tilsette, før det blir stilt krav til talet pedagogar.
– Vi er ikkje imot auka kompetanse i barnehagane. Men Fagforbundet meiner bemanningsnorma for barnehagane må på plass først. Vi treng fleire hender inn i barnehagane, seier Anne Karin Førde, seksjonsleiar for kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet i Sogn og Fjordane.
Les også: Vil ha tre vaksne per avdeling i barnehagane
Samstundes understreker ho at mange av dei som jobbar i barnehagen har god kompetanse, sjølv om dei nødvendigvis ikkje har tittelen pedagogar, eller barnehagelærarar.
– Sogndal kommune har mange barne- og ungdomsarbeidarar. Det er fagarbeidar som sit på mykje kompetanse på barn frå 0-18 år, seier ho.
Fagforbundet har jobba i fleire år for å auke bemanningstettleiken i barnehagane, utan å få gehør frå Stortinget. Difor hadde dei håpa at Utdanningsforbunet ikkje var så spissa i trykket på ei topedagogsordning
– Alle er einige i at vi treng fleire vaksne inn i barnehagane. Men vi er ikkje einige i rekkjefølgen på prioriteringane, seier Førde.