VIL KLAGE: Ap-leiar Marie Helene Hollevik Brandsdal har snakka med ordføraren i Årdal for å få ei klagesak på bordet i neste formannskapsmøte. Ap-leiaren vil klage på nedlegginga av lensmannskontoret i kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VIL KLAGE: Ap-leiar Marie Helene Hollevik Brandsdal har snakka med ordføraren i Årdal for å få ei klagesak på bordet i neste formannskapsmøte. Ap-leiaren vil klage på nedlegginga av lensmannskontoret i kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ho vil kjempe for lensmannskontoret

Også Årdal kjem truleg til å klage på nedlegginga av lensmannskontoret.

Årdal: I førre veke vedtok formannskapet i Aurland å klage på nedlegginga av kontoret i sin kommune, og no kjem truleg Årdal til å gjere det same.

– Eg har bedd ordføraren om å få det på dagsorden til neste formannskapsmøte, seier leiar i Årdal Arbeidarparti, Marie Helene Hollevik Brandsdal.

Politidirektoratet vedtok tidlegare i månaden å slå saman lensmannsdistrikta Sogndal, Leikanger, Vik, Lærdal, Årdal, Luster og Aurland til Sogn lensmannsdistrikt.

– Ikkje blitt høyrt

Vedtaket innebar samstundes at Lærdal fekk behalde lensmannskontoret, medan Aurland og Årdal må legge ned sine.

– Bakgrunnen for at me ønskjer å klage er at når me er den kommunen med flest innbyggjarar, med flest kriminalsaker og Jotunheimen like ved, så er det naturleg at kontoret ligg her, seier Brandsdal. 

I denne omgang er det berre høve til å klage dersom ein meiner vedtaket til Politidirektoratet kjem som følgje av sakshandsamingsfeil. Ap-leiaren meiner Årdal ikkje er blitt høyrt i saka. 

Høl: – Like skuffa som alle andre

Politireforma var også tema på årsmøtet til Årdal Ap måndag kveld, der fylkesleiar Hilmar Høl også oppmoda årdølene om å klage i sin tale.

– Ap stilte støttande opp og tok sjølve saka opp i regjering. Eg har rett og slett ikkje svar. Eg er like skuffa som alle andre over korleis det har utarta seg, sa han.

Årdal og Aurland er langt frå dei einaste som kjem til å klage. Nationen har spurt 143 ordførarar om meininga deira. 22 svarar at dei vil klage den inn til justisdepartementet og 55 meiner saka må opp igjen i Stortinget.

Til toppen