GODE FORHOLD: Dagleg leiar Per Odd Grevsnes (t.v.) og driftsleiar Kim Andre Navarsete er klare for å ta imot skikøyrarar til helga.
GODE FORHOLD: Dagleg leiar Per Odd Grevsnes (t.v.) og driftsleiar Kim Andre Navarsete er klare for å ta imot skikøyrarar til helga. (Foto: Sogndal Skisenter)

Hodlekve opnar løypene i helga: – Meir enn nok snø

Til helga er det klart for sesongopning i Sogndal skisenter Hodlekve.

Sogndal: Etter snøfallet i helga er forholda så gode i bakkane ved Sogndal skisenter, at det blir sesongopning til helga. Det går fram av ei pressemelding. 

MYKJE SNØ: Måndag er det gode forhold i anlegget. Foto: Sogndal skisenter

Dagleg leiar Per Odd Grevsnes fortel at det er 50 cm snø kring Rindabotn, og at dei kan opna så tidleg takka vera godt førarbeid:

– Etter utbetringane me har gjort framfor sesongen så haustar me no fruktene av dette, ved at me kan opne opp på mindre snø enn tidlegare. No er det nok snø og gode forhold, seier Grevsnes.

To trekk opnar først

I første omgang opnar Holentrekket og Toyotatrekket, begge i Rindabotn. For at Kalvavatni-trekket skal opna, må det koma litt meir snø. Det vert gjort vurderingar fortløpande, fortel Grevsnes. 

– Dette er den nye hovudtrasséen vår, og den som får mest fokus ei stund framover. Den har no ei snittbreidd på 45 meter og er blitt bakkeplanert slik at me kan preparere på eit mykje tynnare snølag enn tidlegare, fritt for stein, mest som ei golfbane. Toyotatrekket stod ferdig i fjor, og har allereie synt seg som ein topp og populær lågterskelnivå-bakke.

I tillegg til opninga av bakkane er det allereie gode forhold i langrennsløypene. Fem kilometer løypa er klar, og ti kilometer løypa blir klar til helga. 

Til toppen