HØG TEMPERATUR: Det braut ut tumultar mellom spelarane i kampen mellom Årdal og Skarbøvik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HØG TEMPERATUR: Det braut ut tumultar mellom spelarane i kampen mellom Årdal og Skarbøvik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Høg temperatur då Årdal gjekk på ufortent smell

Årdal tapte den viktige kampen mot Skarbøvik laurdag. Lite effektivitet framføre motstandaren sitt mål skulle visa seg å bli avgjerande.

Dersom resultata gjekk Årdals veg denne helga, kunne plassen i tredjedivisjon ha blitt sikra, men då var dei nøydd til å gjera jobben heime mot Skarbøvik.

Slik gjekk det ikkje, og det vart 1-2-tap på heimebana.

Etter ein sjansefattig omgang, der Årdal kanskje var det beste laget, men heilt klart hadde den største sjansen, stod det 0-0 til pause.

I staden var det Skarbøvik som fekk ei tidleg leiing i andre omgang takka vera Adnan Chafouh Idrissi. Gjestane la seg bakpå og forsvarte den godt. Med fem minuttar igjen av kampen og etter eit massivt Årdalspress la dei på til 2-0 ved same mann.

Artikkelen held fram under biletet.

Det såg ut til at kampen var over no, men det var meir i vente. På tampen fekk Årdal eit trøstemål då Preben Strypet satte inn 1-2 på straffe. 

– Surt

I ein kamp det ikkje skulle stå på temperaturen, kom det også eit raudt kort på tampen då Christoffer Honningsvåg var ute med lanken mot Marcin Brzykcy. Kortet kom diverre for seint til at det endra kampbiletet nevneverdig.

– Dette var dagen der det ikkje stemmer heilt. Me har nok av sjansar til å avgjera dette til vår fordel i begge omgangane, men spesielt i andre. Me burde ha sett dei sjansane me hadde i første omgang og fått kampen i vårt spor, seier Årdal-trenar Ivan Øy til Porten.no etter kampen.

Med siger i dag og Tornado Måløy-tap i Eid, ville plassen ha vore sikra, men no må ein venta enda litt lenger.

– Det er det som er surt, òg med tanke på den siste sjansen der dommaren bles frispark mot oss og me set ballen i mål. Det er mange ting som skjer i kampen som òg burde vore blest på, held Øy fram, men understrekar at han ikkje vil skulda på den unge dommaren.

Artikkelen held fram under biletet.

SÅG RAUDT: Christoffer Honningsvåg fekk sjå det raude kortet frå den unge dommaren.
SÅG RAUDT: Christoffer Honningsvåg fekk sjå det raude kortet frå den unge dommaren.

– Dette er ein ung dommar, og me må gje han den sjansen han fortener.

Uansett korleis det går med Tornado Måløy mot Eid i dag, vil Årdal framleis vera trygge. Det betyr at det er opp til dei sjølve før dei siste kampane mot Stryn og nettopp Tornado Måløy.

– Me har alt å spela for, og dette må me gjera sjølve, seier Edvin Hestetun til Porten.no, som trur det blir avgjort i siste kamp heime mot Tornado Måløy

– No blir det ein kamp til døra, seier han

Stor Strypet-sjanse

Det var Skarbøvik som var det førande laget dei første 20 minuttane utan dei klarte å trua heimelaget nevneverdig. 

Medan Årdal ikkje hadde ein sjanse å by på desse minuttane, var gjestane farleg frampå ved eit par anledningar, men kontringsangrepa vart dårleg utnytta.

Først etter dette byrja heimelaget å visa seg fram, og kampens heilt klart største moglegheit kom i det 22. minuttet.

Edin Øy fossa framover og drog lekkert av eit par mann før han sendte Preben Strypet gjennom aleina med keeper. Strypet prøvde å legga ballen over i motsett hjørne med høgrefoten, men Per Espen Thorsen var godt nede og fekk redda.

Dei heilraude fortsatte det gode presset, og minuttet etter låg ballen i nettmaskene bak Thorsen.

Artikkelen held fram under biletet.

FORTVILER: Årdal-spelarane fortviler etter å ha sluppe inn mål.
FORTVILER: Årdal-spelarane fortviler etter å ha sluppe inn mål.

Eit dårleg treff frå Christian Stedje fall rett til Johnny Aspeseter Hagen. 23-åringen styrte ballen i mål, men før han rakk å strekka armane i vêret var assistentdommaren oppe med flagget.

Dette var høgdepunktet i omgangen, og derfrå og ut gjekk kvaliteten på kampen ned. Få sjansar og mykje oppstykka spel gjorde sitt til at det stod mållaust til pause.

Høg temperatur

Andre omgang starta med eit brak med ein god sjanse til Skarbøvik. Eit hjørnespark traff ein uoppmerksam bortespelar, som fekk avslutta, men Mikael Eide var godt nede og fanga forsøket.

Deretter var det Årdals tur til å trua mål på hjørnespark, men utan å få uttelling. 

I staden var det Skarbøvik som skulle ta leiinga. Eit innlegg frå høgre fann Adnan Chafouh Idrissi framfor mål. Han assisterte ballen vidare inn i mål og sendte gjestane opp i føringa etter 50 minutt.

Målscorar feira målet med å provosera ein Årdal-spelar, og resultatet var gult kort. No tok kampen fyr, og ikkje lenge etter låg Skarbøvik-keeper rett ut då Lasse Lereng ved eit uhell sparka han i ansiktet. Gemyttar fulgte og nok eit gult kort blei delt ut.

Artikkelen held fram under biletet.

VISTE FINGEREN: Adnan Chafouh Idrissi feira på ein meget spesiell måte då han scora, men slapp det raude kortet.
VISTE FINGEREN: Adnan Chafouh Idrissi feira på ein meget spesiell måte då han scora, men slapp det raude kortet.

Ikkje lenger etter fekk keeperen seg nok ein trøkk. Denne gangen var Strypet som gav alt i ein duell og fekk sjå det gule kortet.

Reduserte på straffe

Frustrerte ansikt var å spora på Årdal-laget, men dei viste ingen teikn til å gi opp. Dei heilraude var utan tvil det beste laget og hadde enormt med sjansar på dødballar, men gang på gang blei desse sløst vekk med svake avleveringar.

Det skulle straffa seg. Etter å ha forsvart seg sidan 1-0-scoringa, kom Skarbøvik seg endeleg over midtbana. Effektive som dei er var oppskrifta den same. Innlegg frå kanten fann Idrissi i feltet, som først missa grovt, men fanga det svake forsøket og satte inn 2-0.

Strypet fekk altså moglegheita til å redusera i andre omgang då Edin Øy vart felt og fekk straffe. Strypet gjorde ingen feil, men det hjalp så lite - heller ikkje at Christoffer Honningsvåg fekk raudt på tampen.

Til toppen