TEMPERATUR: Meiningsutvekslinga dreg seg til. Rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland på enden av bordet.
TEMPERATUR: Meiningsutvekslinga dreg seg til. Rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland på enden av bordet.

Høg temperatur i fusjonsdiskusjonane

Styremedlem Jan Olav Fretland tykkjer rektor Rasmus Stokke er for lite balansert i framstillinga si. Styret ser ut til å vera delt temmeleg på midten.

Sogndal: – Me forventar at rektor seier noko om kva som er fordelene ved å stå utanfor fusjon. At dette blir handsama som to reelle alternativ, sa Jan Olav Fretland.

– Svartmåling

Diskusjonen så langt har i hovudtrekk gått på at styremedlemmane som ivrar for fusjon fryktar HiSF vil bli ein "bachelorhøgskule" utan master- og doktorgradsstudium ved å stå åleine. I tillegg peikar "ja-sida" på at ein må henga med på "takten" i samfunnet, at ein må sjå i lengre perspektiv - og at ein blir for liten åleine, samt vil slita med å serva næringslivet som ein bør. Det blir og peika på at HiSF har fått god innflytelse på fusjonsavtalen det skal røystast om.

Styremedlemmane som utviser skepsis understrekar at HiSF gjer det svært godt i dag, ein har nøgde studentar og ikkje minst eit særpreg desse styremedlemmane fryktar høgskulen vil mista ved å fusjonera. Også at det i dag er ein slank og effektiv organisasjon og eit tett samspel mellom tilsette og studentar er dimensjonar denne delen av styret fryktar ein kan mista ved å bli ein del av den førespegla Høgskulen på Vestlandet.

Studentrepresentant i styret, Magnus Nordrum Brøste, var einig med Fretland.

– Eg tykkjer det er svartmåling her. Det høyrest på rektor ut som me må kvitta oss med masterstudiuma i morgon om det ikkje blir fusjon. Og som at høgskulen meir eller mindre er død om ein ikkje blir med på dette.

– Heilt utruleg

Rektor Stokke beklaga om han hadde vore ubalansert. Samstundes fekk han klar støtte frå styremedlem Hans Johan Breidablikk for å fronta synet som han gjorde.

– At det her blir uttrykt mistillit mot rektor for at han frontar eit syn som trass alt er innstillinga her, tykkjer eg er heilt utruleg. Frykt er Sogn og Fjordane si forbanning, og det må ein koma ut av.

Diskusjonen held fram og styret er altså temmeleg delt. Det er vanskeleg å seia kva veg dette vil bikka. 

 

Til toppen