Aurland: Det er høgare kraftprisar som er hovudårsaka til resultatforbetringa, skriv selskapet i ei pressemelding.
Resultatbidrag frå finansiell kraft- og valutasikring blei vesentleg lågare enn i 2015, men vellykka produksjonsdisponering bidrog til at dei likevel oppnådde ein høgare salspris enn den timevegde spotprisen for 2016.
– E-CO Energi oppnådde eit godt resultat i 2016. Konsernet hadde god drift på anlegga og disponerte sine produksjonsressursar godt med høg produksjon i periodar med gode prisar, seier Tore Olaf Rimmereid, som er administrerande direktør.
Spotprisane auka
Driftsinntektene blei på 2.723 millionar kroner, som er 212 millionar kroner høgare enn i 2015. I snitt auka spotprisane med 33 prosent i dei prisområda E-CO har sin kraftproduksjon, noko som er hovudårsaka til auken.
Salsprisen var åtte prosent høgare enn gjennomsnittleg områdepris. I 2015 var salsprisen 34 prosent høgare som følgje av bidrag frå prissikringa. Auka produksjon bidrog også noko til inntektsauken.
Totalt produserte konsernet 10.737 GWh, som er 176 GWh høgare enn i 2015.
Driftskostnadene var på same nivå som året før, slik at driftsresultatet på 1.559 millionar kroner var 212 millionar kroner høgare enn i 2015. Resultatet før skatt er på 1.340 millionar kroner, ein auke på 224 millionar kroner. Skattekostnaden auka frå 583 millionar kroner i 2015 til 750 millionar i fjor. Auka grunnrenteskatt er hovudårsaka.