Årdal: Ho hadde nettopp sett klubben hanka inn ei rekke medaljar i kretsmeisterskapet i troppsgymnastikk. Som ho sjølv påpeika var fleire av dei gull. Men den gjævaste kom til slutt, nemleg vandrepokalen for best stil gjennom konkurransen. Den var det Jotun 2 som stakk av med.
– Den heng høgt. Me har vunne han dei to siste åra, så å vinna han i år igjen var viktig for oss, for då får me han til odel og eige. Den er gjev, seier Heggø.

Solide prestasjonar
Òg utøvarane var nøgde med det dei hadde prestert
– Veldig stolte. Kjempestolte. Me har samarbeida alle saman, seier Marte Rudi, som avslører at nøkkelen til gode stilkarakterar er å smila og å slå ut med hendene når du landar.
Nabobygda gjorde det òg særs skapt. ÅTIL turn hanka inn ein heil haug med medaljar og minst èin i edlaste valør.
Men det var ikkje berre jubel i årdalshallen denne dagen. Kevin Sørhaug frå Jotun var dagens mest uheldige:
Landa skeivt etter siste hopp i konkurransen
Han fekk ein heftig skade i ankelen på det aller siste hoppet, ikkje berre for eige vedkomande, men i heile konkurransen.
– Det følest ganske kjipt. Det var så nære å bli ein bra slutt og så skjer noko slikt. Eg kom for høgt opp, i staden for bakover, og når eg land så trakka eg feil på foten, seier han.
Han vart liggande å vri seg i smerte, men fekk raskt assistanse frå helsepersonell. Foten vart bandasjert opp og isa ned. Då det var tid for å dela ut medaljar var Sørhaug klar til å motta heideren, om enn med støtte frå gode hjelparar.
Uansett må han rekna med ei stund på sidelinja, men kor lenge tør han ikkje spå.
– Eg anar ikkje, for eg har aldri hatt ein skikkeleg skade før. Det kan vera ein dag, det kan vera to veker, kven veit, seier han.
