BRA BESØK: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er vertskap på Skogadalsbøen i Jotunheimen. Dei fortel at dei har hatt bra med trafikk i påsken. Foto: Privat.
BRA BESØK: Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er vertskap på Skogadalsbøen i Jotunheimen. Dei fortel at dei har hatt bra med trafikk i påsken. Foto: Privat.

Høgfjellet vart godt besøkt i påsken

Jotunheimen hadde 2485 overnattingar denne påsken. Ein del av desse var på Skogadalsbøen som hadde trafikk på det jamne, fortel Trine Marie Johansen.

Skogadalsbøen: Saman med Ole Martin Moen har dei halde ope i tre veker rundt påsken i år, ei veke før og ei veke etter. Vanlegvis plar dei ligge på mellom 200 og 300 gjester på denne tida av året kvart år. Slik var det også i 2017.

– Me er eit naturleg knutepunkt for dei som går til Fondsbu, Turtagrø eller Leirvassbu sidan det er ganske langt å gå desse strekningane på ein gong, fortel Johansen, som pakkar saman og reiser ned igjen til sivilisasjonen komande torsdag.

Fondsbu var ein av dei mest besøkte DNT-hyttene i påsken. På Skogadalsbøen har dei hatt 250 gjester.

– Det har vore nok gjester her til at det løner seg å halde ope. Det har vore bra trafikk, og folk har kome frå alle kantar, legg ho til.

Trass sein påske har dei hatt bra med snø i området, noko Johansen trur kan ha hatt litt å seie for trafikken. 

Godt besøkt i Jotunheimen

Tal frå Den norske turistforening (DNT) viser at høgfjellet var populært i påsken trass litt vekslande vêr. I Jotunheimen var det 2485 overnattingar, rundt 400 færre enn på Hardangervidda, som hadde flest.

– Påsken er tradisjonstid, og for mange vil det ikkje påske utan ein tur på fjellet. Me ser at ein aktiv ferie med ski og utetid er noko mange vil ha, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT, i ei pressemelding.

Folk i alle aldrar på tur

Det er folk i alle aldrar som finn vegen til fjells. På Skogadalsbøen var yngste gjesten ein 7-åring, medan dei eldste er pensjonistar. Nokre har bestilt opphald på førehand, medan andre tek turen nesten litt spontant når vêret lokkar, slik det absolutt gjorde langfredag.

– Me har ikkje hatt strålande vêr, men heller ikkje uvêr. I fjor var det jo nokon som sat vêrfast, men det har me ikkje hatt i år. Sjølv om det ikkje har vore supert alle dagar, har folk likevel kome seg ut, seier Johansen og erkjenner at strålande dagar som langfredag er dei dagane dei har mest besøkande.

Formidlar vêret på Snapchat

På Skogadalsbøen har dei også byrja å utnytte sosiale media og teknologien til det fulle. Her formidlar dei nemleg vêrmeldingane via Snapchat. 

– Då legg me ut endringar i vêret, om det har blåst opp veldig og liknande. Det har me fått kjempegod respons på, seier ho.

– Jotunheimen er ikkje den plassen med best dekning, men det har vore nok til at folk har brukt det aktivt. Dette er noko Røde Kors har uttalt er ein god idé også.

Torsdag stengjer dei Skogadalsbøen for denne gong før dei opnar til sommaren 23. juni. 

Til toppen