KLART SVAR: Ingrid Heggø (Ap) svarar på Frida Melvær (H) sin kritikk av skattepolitikken til Ap.
KLART SVAR: Ingrid Heggø (Ap) svarar på Frida Melvær (H) sin kritikk av skattepolitikken til Ap. (Foto: Privat)

MEININGAR

Høgre for rikfolk flest

– Det som ikkje er rettferdig, er å kutte skatten for dei rikaste og samtidig auke avgiftene for alle, skriv Ingrid Heggø (Ap).

Meiningar: Arbeidarpartiet vil ha større rettferd og fleire arbeidsplassar. Det viser vi òg med vårt enkle skatteopplegg: lågare skatt på inntekter under 750.000 kroner, høgare på høge inntekter og formuar, uendra skatt for bedriftene. Og ingen avgifter skal opp utan at andre avgifter eller inntektsskatten blir senka tilsvarande. 

Åtte av ti vil betale mindre inntektsskatt med dette. Ni av ti pensjonistar vil kome betre ut. Vi gjer det i tillegg rimelegare å vere pendlar, fagorganisert, ha barn i barnehagen – eller bli sjuk: Vi seier nei til høgreregjeringas heving av eigenandelstaket for helseutgifter.

Folk oppfattar dette som rettferdig, noko som openbert frustrerer Høgre og Frida Melvær. I Porten.no gjentek ho den feilaktige påstanden om at formuesskatten er «skatt på næringslivet». Så la meg ta det med teskei: Formuesskatten er ein personskatt. Det er i tillegg den einaste personsskatten som sikrar at òg dei aller rikaste bidreg til fellesskapet.

Høgregjeringa har gitt milliongåver til landets rikaste, konsentrert i Oslo vest og Bærum, ved å kutte i denne skatten. Det har ikkje skapt ein einaste, påviseleg arbeidsplass. Det har berre auka forskjellen på folk, gitt stygge kutt for svake grupper, svekka sjukehusøkonomien, kommuneøkonomien og musklane til å drive målretta næringsutvikling. 

Derfor er det både rettferdig og distriktsvennleg når Ap set formuesskattesatsen til det han var fram til 2013, med ein ekstra sats for formuar over 20 millionar kroner. I andre enden, derimot, hevar vi botnfrådraget – fordi det er rettferdig. Dette er i tråd med skatteforliket i 2016.

Det som ikkje er rettferdig, er å kutte skatten for dei rikaste og samtidig auke avgiftene for alle. Melvær kjem ikkje unna at det er det som har skjedd i åra med H/Frp/V/KrF-fleirtal. I tillegg har dei overprisa gebyra, og blant anna ramma dei som tar førarkort eller dei som har hamna i gjeldsfella og vil gjere opp for seg. Vi vil kutte desse gebyra. 

Arbeidarpartiet viser med dette at vi er partiet for vanlege folk, folk flest. Det likar ikkje Høgre, partiet for rikfolk flest. Det kan vi leve med.

Til toppen