FALSK ALARM: Høgre sin budsjettforhandlar, Nikolai Astrup (innfelt), seier industrikommunar som Årdal har lite å frykta av at maskinskatten forsvinn.
FALSK ALARM: Høgre sin budsjettforhandlar, Nikolai Astrup (innfelt), seier industrikommunar som Årdal har lite å frykta av at maskinskatten forsvinn.

Høgre: Kommunar som Årdal får nær full kompensasjon for fjerninga av  maskinskatten 

Men rådmannen i industrikommunen pustar ikkje letta ut heilt enno.

Årdal: Onsdag vart Høgre, Frp, Venstre og KrF einige i budsjettavtalen om å fjerna den såkalla maskinskatten. Enkelt sagt er det ein eigedomsskatt kommunane kan kreva frå verksemder for utstyr og maskiner dei har ståande inne på fabrikkane.

Industrikommunar har frykta å bli dei store taparane når denne skatten no skal fasast ut. Berre i Årdal forventar dei å mista mellom 20-25 millionar kroner i årlege inntekter.

Men parlamentarisk nestleiar i Høgre seier at kommunar som Årdal har lite å frykta:

– Maskinskatten skal fasast ut over sju år, medan ei kompensasjonsordning skal fasast inn i takt med at inntektene til kommunane går ned. Med andre ord vil kommunane bli tilnærma fullt ut kompenserte for inntektene som fell vekk. Så dette er veldig positive nyhende, både for bedriftene og for kommunane, seier Nikolai Astrup, mannen som har representert Høgre i forhandlingane.

Rådmannen er avventande til forsikringane frå Høgre

I budsjettavtalen står det at kompensasjonen til kommunane vil vera avgrensa til ein halv milliard totalt.

FRAMLEIS AVVENTANDE: Rådmann Olve Fossedal vil ha svar på ei rekkje spørsmål før han konkluderer med at Årdal ikkje får svi for tapet av maskinskatten.
FRAMLEIS AVVENTANDE: Rådmann Olve Fossedal vil ha svar på ei rekkje spørsmål før han konkluderer med at Årdal ikkje får svi for tapet av maskinskatten. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Den summen er basert på inntektene kommunane anslagsvis hadde på skatten i starten av 2017, forklarer Astrup.

Eit anna vilkår er at kommunane ikkje vil få kompensasjon for verksemder som blir lagde ned eller for nyetableringar etter 1. januar 2017.

Rådmann Olve Fossedal i Årdal slår seg ikkje til ro med forsikringane om «nær full kompensasjon».

– Det er ikkje konkret nok til at det går an å berekna noko som helst. Me må vita kva som ligg i kompensasjonsordninga og korleis den blir fordelt. Det får me ikkje vita før dette har blitt handsama i Stortinget og heile opplegget er spikra, seier han.

– Prinsipielt dårleg ordning

Rådmannen stussar òg på korleis den halve milliarden skal fordelast, dersom summen ikkje er stor nok til å rekka over til alle kommunane. Tal frå KS og Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) tyder på at tapet er større.

Sistnemnde er lite glade for at varige skatteinntekter blir erstatta av «ei uklar avtale om overføringar frå staten».

– Kommunene blir no sittande att med ei rekke spørsmål og ei prinsipielt særs dårleg ordning, skriv LVK på sine heimesider og slår fast at industrikommunane framleis står att som taparane.

Kraftkommunane kan truleg pusta letta ut

Ei anna nyheit frå forhandlingane, som nok vil bli tatt godt imot av kraftkommunane i Sogn, er at vasskraftanlegg, master og nettinstallasjonar skal skattleggast som før. Det same gjeld forsåvidt petroliumsinstallasjonar, men dei har me mindre av her.

I budsjettforslaget såg det ut til at desse òg skulle forsvinna i maskinskattdragsuget. Men det skjedde ikkje.

– Det i seg sjølv utgjer rundt ein halv milliard i inntekter til kommunane, seier Astrup.

I Sogndal frykta dei å tapa rundt fem-seks millionar dersom budsjettforslaget fekk gjennomslag. 

– For Sogndal kommune var det tap av eigedomsskatt på kraftlinjer og trafostasjonen som ville ha gjort store utslaget. Når dei no ser ut til å vera tekne ut, så reknar eg med at endringa ikkje får store konsekvensar for Sogndal, seier rådmann Jostein Aanestad.

Til toppen