AVMÅLT GLEDE: Trine Lerum Hjellhaug er glad for reverseringstaktene hos Sogn og Fjordane Høgre, men minner om at den verkelege jobben må gjerast inn mot sentralt inn mot regjeringa. 
AVMÅLT GLEDE: Trine Lerum Hjellhaug er glad for reverseringstaktene hos Sogn og Fjordane Høgre, men minner om at den verkelege jobben må gjerast inn mot sentralt inn mot regjeringa.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Høgre i fylket vil gjera sukkeravgifta meir treffsikker – Lerum jublar fatta

– No må dei må jobbe inn sentralt slik at regjeringa snur og reverserer avgifta, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Kaupanger: Då auken i den såkalla «sukkeravgifta» vart vedteken i  budsjettforhandlingane i november, betydde det 16 millionar kroner i ekstra utgifter i året for ei bedrift som Lerum.

No ønskjer Sogn og Fjordane Høgre at «sukkeravgifta» blir reversert.

– I dag opplever me det slik at den treff vilkårleg. Det som skal vera ei avgift på produkt som ikkje er sunne, treff òg produkt som ikkje har så mykje sukker. Difor meiner me det er rett å justera ho, slik at ho blir meir treffsikker, seier fylkesleiar Vidar Grønnevik.

Trehoda avgift treff vilkårleg

NULL SUKKER: Lerum-serien Zeroh! inneheld null kaloriar, men får same avgifta som brus.  Foto: Lerum AS

Han trekker fram Lerum som døme. Bedrifta frå Sogndal betaler avgift på all drikke dei produserer, sjølv den med null kaloriar. At dei har redusert sukkermengda i drikkeklar saft med ein tredel sidan 2010, betyr ingenting i denne samanhengen.

For det som har fått samlenemninga «sukkeravgifta», er eigentleg tre forskjellige avgifter. Avgifta på sukker vart berre auka med 2 prosent. Avgifta på sjokolade og sukkervarer vart auka med 83 prosent. Avgifta på alkoholfri drikke vart auka med 42 prosent, som er kategorien som slår ut for Lerum sin del.

– Lerum er ei bedrift som saman med resten av næringa har samarbeidd med styresmaktene for å redusera sukkerforbruket i Norge. Difor er det uheldig at ei slik auke skal råka dei. Avgifta traff dårleg før òg, men auken gjer at konsekvensane blir desto større, seier Grønnevik.

Lerumsjef Trine Lerum Hjellhaug er glad for å høyra at Høgre i fylket tek tak i saka:

Lerum: – Folk kjøper brus på nett frå Sverige

– Dette er bra, no må dei må jobbe inn sentralt slik at regjeringa snur og reverserer avgifta, seier ho.

Ho fryktar for konkurransekrafta til Lerum framover, dersom det ikkje skjer. Som ei følgje av avgiftsauka har dei måtta auka prisane på varene dei sel ut frå fabrikken, noko som igjen har gjort produkta dyrare i butikkhyllene. 

– Me er redde for salsutviklinga framover, seier Lerum.

Ho meiner å sjå at grensehandelen og netthandelen har auka kraftig, òg på varer du ikkje skulle forventa var «postordremateriale».  

– Eg har snakka med mange i Sogndal som no bestiller 72 brusboksar frå Sverige på internett og får det levert på posten i Sogndal for 349 kroner. Slik reglane er, kan folk bestilla på nett fleire gonger for dagen så lenge maksprisen er 350 kroner.

HAR EIN JOBB Å GJERA: Leiar i Høgre Sogn og Fjordane, Vidar Grønnevik, innrømmer at det blir utfordrande å få til ein snuoperasjon for sukkeravgifta. Foto: Sogn og Fjordane Høgre.

Omkamp tidlegast i desember

Grensehandelen auka med 23 % i 2017, opplyser Lerum.

– Det er dramatiske tall for vår næring. Auke i grensehandelen trekker omsetning, skatteinntekter og arbeidsplassar ut av Norge. I tillegg svekkar det folkehelsearbeidet fordi auka grensehandel bidreg til mørketall når det gjeld sukkerinntaket i Norge, seier ho.

Avgiftsauken kom i stand etter budsjettforhandlingar mellom nettopp Høgre, Frp, Krf og Venstre. Grønnevik trur det tidlegast er lov å håpa på ei ny endring når dei neste forhandlingsrundane startar i desember. Korleis dei skal greia å få gjennomslag, har han ikkje noko godt svar på.

– Det er alltid utfordrande å få endra slike ting. Men skal me få det til, så må me jobba med det i mellomtida, seier han.

Til toppen