I VG 12.oktober 2016, presenterer avisa regjeringa sine budsjettforslag for sårbare enkeltpersonar og familiar. Multihandikappa, uføre, og kronisk sjuke skal få auka eigendel, redusert tilskot til hjelp og sosial trygg kvardag blir redusert.
Enkeltpersonar og familiar som opplever store belastningar med sjukdom og multihandikap er avhengig av støtte frå samfunnet for å kjenne at kvardagen fungerer. Tilrettelegging av arbeid, enten det er i skjerma arbeidsfellesskap eller ordinært tilrettelagt arbeid, gjer ein forskjell på einsemd eller personleg utvikling og livslyst.
Kronisk sjuke har ofte fleire områder enn helsehjelp som kostar ekstra for å få kvardagen til å gå opp. Når den økonomiske kabalen ikkje går opp går det utover fysikk og mental helse. Ringverkandane for dei næraste i familie og vener, og på arbeidsplassen, er ikkje målbare i framlegget til statsbudsjettet.
Foreldre som treng ekstra sjukemeldingsdagar for å ta vare på kroniske sjuke born, kan risikere å få redusert inntekt og karrieremuligheter om dei må ta fri utan løn dei dagane borna må vere heime eller skal til oppfølging på grunn av sjukdom.
Lista over gode grunnar for at FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) Sogn og Fjordane ber innstendig både regjering og Storting elles om å vidareføre dagens tilskotsordning for personar med multihandikap, kronisk sjuke og pårørande, kan gjerast svært lang. Det bør det ikkje vere grunn til.
Fokus på konsekvensen sosialt og økonomisk må vere grunn nok åleine til å rope eit varsko for ei alt sårbar gruppe samfunnsborgarar.
Fylkesstyret
FFO Sogn og Fjordane 12.10.2016.