625 MILLIONAR: I tillegg til ramma på 625 millionar vil 130 millionar bli fordelt i 2018 frå eigenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond – det ser ut til å bli resultatet av årets jordbruksoppgjer. Illustrasjonsfoto
625 MILLIONAR: I tillegg til ramma på 625 millionar vil 130 millionar bli fordelt i 2018 frå eigenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond – det ser ut til å bli resultatet av årets jordbruksoppgjer. Illustrasjonsfoto

Høgre og Frp sikrar fleirtal for jordbruksforslaget til Venstre

Venstre får støtte frå Høgre og Frp til forslaget om ei ny ramme på 625 millionar kroner i landbruksoppgjeret, som dermed truleg går mot ei løysing. 

I tillegg til ramma på 625 millionar vil 130 millionar bli fordelt i 2018 frå eigenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond. Det vil styrkja inntektsmoglegheitene til landbruket i 2018 ytterlegare.

Parlamentarisk leiar Trond Helleland i Høgre kallar forslaget ansvarleg og godt.

– Sjølv om det ikkje er primærposisjonen vår, vil vi sikra fleirtal for det i Stortinget, seier han i ein kommentar til NTB.

Også landbrukspolitisk talsmann i Framstegspartiet Morten Ørsal Johansen er positiv til forslaget om å senda oppgjeret tilbake til partane med ei ramme på 625 millionar.

– Dette kan vi godt leva med. Så er riset bak spegelen at om partane ikkje blir einige no heller, kjem saka tilbake til Stortinget, der vi vedtek 410 millionar kroner,  seier han til Dagens Næringsliv.

Det opphavlege tilbodet frå staten til bøndene var på 410 millionar kroner. Summen var rundt 1 milliard lågare enn kravet frå bondeorganisasjonane.

Braut samtalar

Venstre braut torsdag kveld ut av samtalane om jordbruksoppgjeret som gjekk føre seg mellom opposisjonspartia på Stortinget. No varslar altså både Høgre og Frp subsidiær støtte til forslaget frå Venstre når det eigne opplegget deira etter alle solemerke blir stemt ned under stortingsbehandlinga 16. juni.

– Det er viktig for Venstre å sikra inntektsutviklinga for bøndene, spesielt dei som har små og mellomstore bruk, samtidig som vi er økonomisk ansvarlege. Det oppnår vi med dette forslaget, som vi håpar fleire kan slutta seg til, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Helleland seier han blir overraska viss ikkje Arbeidarpartiet støttar forslaget.

– Det betyr at dei på nytt legg seg flate for Senterpartiet og bind opp milliardar av skattekroner for å gje bøndene høgare inntektsutvikling enn hjelpepleiarar, industriarbeidarar eller lærarar, seier han.

Føringar

Etter at bondeorganisasjonane avslo det siste tilbodet frå landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) på 550 millionar, hamna oppgjeret på Stortinget. Der gjekk Venstre og KrF saman med resten av opposisjonen i kravet om meir pengar til bøndene. Det var desse samtalane Venstre braut ut av torsdag.

I forslaget sitt legg Venstre ei rekkje føringar for partane i eventuelle nye forhandlingar.

Partiet vil mellom anna styrkja grunnlaget for beiting på innmark, framleis stimulera potetspritproduksjon, prioritera utviklingsprogrammet for å stimulera tilleggsnæringar/lokalmat og leggja til rette for landbruksbasert reiseliv og vidareføra økologisatsinga.

Geir Pollestad (Sp) i næringskomiteen meiner Venstre med forslaget sitt vil auka inntektsgapet mellom bønder og andre grupper og dermed ikkje står ved lovnaden frå jordbruksmeldinga.

– Dette er sterkt beklageleg og stadfestar inntrykket av at Venstre ikkje greier å gjera lovnader om til praktisk politikk, seier han til NTB.

Til toppen