BESØKTE SKULEN: Før helga besøkte Høgre sin 1. kandidat til Stortingsvalet, Frida Melvær, Flåm skule, der ho snakka om tidleg innsats i skulen.
BESØKTE SKULEN: Før helga besøkte Høgre sin 1. kandidat til Stortingsvalet, Frida Melvær, Flåm skule, der ho snakka om tidleg innsats i skulen. (Bilde: Privat)

Høgre vil gjere eit krafttak for tidleg innsats i skulen

Høgre sin 1. kandidat i Sogn og Fjordane besøkte Flåm skule.

Flåm: Frida Melvær og Høgre ønskjer tidleg innsats i skulen og seier at den nye reformen skal forhindra at barn sluttar å rekkje opp handa i timen.

Før helga besøkte 1. kandidaten til Høgre i Sogn og Fjordane Flåm skule. Her fortalte ho at partiet hennar vil ha ein skule som gir like moglegheiter for alle barn, uavhengig av foreldrene si inntekt og bakgrunn.

– Etter fire år med borgarleg styre er norsk skule på veg i riktig retning, hevdar Melvær.

– Elevane lærer meir, dei er meir til stades i klasserommet og fleire fullfører videregåande skule.

MEISTRING: Med tidleg innsats i skulen vil elevane raskare oppleve meistring og læringsglede, meiner Høgre. Melvær saman med ordførar i Aurland og Høgre-kollega Noralv Distad. 
MEISTRING: Med tidleg innsats i skulen vil elevane raskare oppleve meistring og læringsglede, meiner Høgre. Melvær saman med ordførar i Aurland og Høgre-kollega Noralv Distad.  Foto: Privat

Vil gi barn kjensla av meistring

Likevel peikar ho på at det framleis er for mange elevar som ikkje lærer seg å lesa, skriva og rekna, der mange går ut av skulen utan å kunne lesa skikkeleg eller har grunnleggande ferdigheiter i matematikk.

– Barn som opplever nederlag på nederlag, gir ofte opp. Dei prøver å unngå det som er vanskeleg og sluttar å rekke opp handa. Høgre vil ha ein intensiv innsats for desse barna, slik at dei raskt kan oppleve meistring, læringsglede og spennande skuletimar saman med klassen sin igjen, seier ho.

– Forsking viser at tiltak tidleg i opplæringsløpet har høgare effekt på elevane si læring og personlege utvikling, enn tiltak seinere i opplæringsløpet. Skilnadene i læringsutbyttet mellom elevane vil forsterke seg og bli større dersom det ikkje setjast i verk tiltak tidleg.

Tidleg innsats

Difor meiner Melvær at eit krafttak for tidleg innsats i skulen vil gi mindre fråfall og mindre utanforskap.

– Sist Høgre hadde kunnskapsministeren gjennomførte me Kunnskapsløftet. I denne perioden har vår viktigaste jobb vore å gjennomføre Lærarløftet. I neste periode skal Høgre i regjering gjennomføre eit kraftfullt løft for tidleg innsats.

Til toppen