SKREMT: Karin Vikane (H) er skremt av det anonyme varselet mot ho og tre andre politikarar i Sogndal. No vurderer ho å politimelda varslaren. Foto: arkiv.
SKREMT: Karin Vikane (H) er skremt av det anonyme varselet mot ho og tre andre politikarar i Sogndal. No vurderer ho å politimelda varslaren. Foto: arkiv.

Høgrepolitikaren vurderer å politimelda den anonyme varslaren: – Skremmer meg

Karin Vikane (H) stiller spørsmål ved både motiva og legitimiteten til den anonyme varslaren.

Sogndal: – Det skremmer meg, seier Karin Vikane.

Onsdag leverte høgrepolitikaren sitt tilsvar på varslinga mot ho og tre andre politikarar i kommunestyret i Sogndal. Ein anonym person, som hevdar å vera tilsett i kommunen, meiner dei fire braut arbeidsmiljølova med deira utsegner på talarstolen sist møte.

Vikane spør seg om det ikkje er eit medvite personangrep, med mål om å få ho til å vera mindre plagsam framover.

BLIR SAK: Setterådmann Terje Heggheim og administrasjonsutvalet i kommunen skal handsama varsla. Foto: Aleksander Åsnes/NRK

– Eg har jobba og stått på for at me skal få betre varslingsrutinar i Sogndal kommune. Eg har stått på barrikadane for at dei som jobbar i barnevernet og andre tilsette skal ha eit godt arbeidsmiljø. Eg ser ikkje vekk frå at det er nokon som ikkje tykkjer det passar, seier ho. 

Stiller spørsmål ved legitimiteten til varslaren

Ho reagerer sterkt på at ein anonym person tek i bruk eit så alvorleg verkemiddel som ei varsling til å setta fram det ho meiner er uærlege påstandar.

– Når du går til det steget å varsla, så har du prøvd alle i hierarkiet heilt til toppleiar, utan å ha fått løyst problemet. Når du då får ei så alvorleg skulding mot deg, at vår framferd går på liv og helse for dei tilsette, då er dette ekstremt alvorleg, seier Vikane.

– Eg har fått tilbakemelding frå folk som tykkjer det er så alvorleg at eg bør politimelda det, seier Vikane.

Ho reagerer òg på at det har blitt opna varslingssak, utan at identiteten til varslaren er kjent. Dermed er det ingen måte å vita om vedkomande faktisk har eit arbeidsforhold i kommunen.

– Eg respekterer at varslar er anonym, men som varslar skal du vera kjend for dei som handsamar varslinga. Det er ganske spesielt at det blir opna sak basert på ein anonym e-post, seier Vikane.

Setterådmannen godtek det anonyme varselet

Det er setterådmann Terje Heggheim som skal handsama varselet saman med administrasjonsutvalet i kommunen.

– Eg har motteke det, og det går inn i den samla saka som me skal vurdera, stadfester han torsdag kveld. 

Det anonyme varselet vil altså bli handsama på lik linje med dei tre andre utvalet skal ta stilling til. Dei kjem frå tidlegare tilsette i Sogn barnevern. Deretter skal utvalet koma med uttalar i sakene. Før dei kjem så langt, må dei vedta nye varslingsrutiner.

Heggheim ser ikkje prinsipielle problem med at varselet er anonymt.

– Det er varsla om eit forhold som er kjent for alle, og som har utspelt seg for opa scene. Difor er det ikkje noko problem å handsama varselet i seg sjølv, seier Heggheim.

Til toppen