NYANSERER DEBATTEN: Ordføraren i Sogndal har måtta tola mykje kritikk for at han har halde rapporten om arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern hemmeleg. No får han støtte frå høgskulelektor Dag Digernes ved Høgskulen på Vestlandet.
NYANSERER DEBATTEN: Ordføraren i Sogndal har måtta tola mykje kritikk for at han har halde rapporten om arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern hemmeleg. No får han støtte frå høgskulelektor Dag Digernes ved Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulelektoren forklarer kvifor det er rett å nekta politikarane innsyn i barnevernsrapporten no

– Kommunestyret har berre rett på det innsynet dei treng for å handsama saka forsvarleg.

Sogndal: Mange sperra opp augene då politikarane i Sogndal, som sjølve hadde bestilt den eksterne granskinga av dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern, ikkje fekk lesa han då rapporten endeleg låg på bordet.

Ein av dei som derimot meiner det var heilt etter boka er høgskulelektor og jurist Dag Digernes.

– Kommunestyret har berre rett på det innsynet dei treng for å handsama saka forsvarleg. Det betyr at når kontrollutvalet sender saka til kommunestyret, med ei tilråding som gjer at kommunestyret bør ha tilgang til mest mogleg av den rapporten, så bør dei få det. Men ikkje før, seier han.

Oppmodar om å gje kontrollutvalet ro

Debatten til no har vore ei avsporing, meiner han. For regelverket er ikkje så uklart som mediaoppslaga kan ha gitt inntrykk av. Mantraet til ordførar Jarle Aarvoll, om at kontrollutvalet må få ro til å gjera jobben sin, får støtte frå høgskulelektoren. 

– Den beste måten å undersøka feil og svikt i kommunen, det er å sørga for at du har eit godt kontrollutval, med nok ressursar og at dei får lov til å gjera jobben sin. Det er ikkje gale å skyva saka dit, tvert imot, det er det luraste du gjer, seier Digernes.

Han har fått med seg at advokatar har uttala seg anleis i saka før han, mellom anna Louis Anda og Arvid Mellingen. Digernes trur rolla han har på høgskulen gjer det lettare for han å vera objektiv, samstundes som han mistenker at ikkje alle nyansane har kome fram i intervjua dei to har gitt.

– Eg kjenner begge to som flinke juristar, så eg har ingen tvil om at dei kan gjera jobben sin, seier høgskulelektoren.

Reagerer ikkje på at leiarane har fått tilgang

Ei heller reagerer han på at fleire leiarar i kommunen har fått innsyn, leiarar som det ikkje er urimeleg å anta vil få kritikk i rapporten, medan hovudvernombodet og politikarane som bestilte han ikkje har fått det same innsynet.

– Viss det er noko i rapporten som er viktig å følga opp for at dagens tilsette skal ha eit godt arbeidsmiljø, så har leiarane plikt til å gripa inn med ein gong, før kontrollutvalet får sagt sitt, seier Digernes, som legg til at han ikkje har grunnlag for å meina om det er rimeleg at akkurat dei leiarane som fekk innsyn, fekk det.

Fleire media har òg krevd innsyn i barnevernsrapporten, men fått avslag frå kommunen. Blant dei er òg Porten.no, som etter ein innleiiande klagerunde fekk saka send til Fylkesmannen for ei avgjerd. I går kom svaret. Avslaget er oppheva og saka vert send tilbake til kommunen med pålegg om å forklara betre kvifor dei nektar innsyn i heile rapporten.

– Normalt ein fordel med openheit

Digernes vil ikkje meina noko i denne konkrete saka om retten som publikum har til innsyn, då måtte han i tilfelle ha lese rapporten. Men han har nokre generelle tankar. 

– Viss det er mogleg å gje innsyn, så bør du gjera det. Det følgjer direkte av forvaltingslova: du skal ikkje berre gje innsyn når lova krev det. Sjølv der lova ikkje krev det, så skal du vurdera å gje såkalla meirinnsyn. Når ei sak har vore såpass omdiskutert som denne, så er det normalt ein fordel med openheit, seier Digernes.

I mellomtida er bodskapen at det beste politikarane i kommunestyret kan gjera, er å lata kontrollutvalet få gjera jobben sin.

– Kontrollutvalet er det viktigaste organet kommunestyret har til å undersøka svikt og feil i organisasjonen, gjentek han.

Til toppen