Oslo: Det var på eit møte i Oslo i dag at Resaland vart overraska med ei gåve på 24 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga til å etablera eit senter for fysisk aktiv læring. Målet med senteret på Fosshaugane Campus er å sertifisera hundre skular og utdanna tusen lærarar i løpet av ein periode på fem år.
− Eg vart skikkeleg tatt på senga og heilt stum. Men òg veldig glad og takknemmeleg for at dei har tru på dette. Det er ein veldig stor tillit me får. Dette er ei fjør i hatten til det gode idrettsmiljøet i Sogndal og alt det gode som skjer på Campus, seier førsteamanuensis Geir Kåre Resaland frå Høgskulen på Vestlandet.
Gjennom ASK-prosjektet, som står for Active Smarter Kids, har han vore med på å løfta konseptet aktiv læring på den nasjonale agendaen.
Skal hjelpa skulane
Det var i desember i fjor at Helsekomitèen føreslo å innføra èin time fysisk aktivitet i skulen kvar dag. Det var opposisjonspartia Ap, Sp, SV og KrF som sikra fleirtal for forslaget og dei ba regjeringa fremma saka for Stortinget.
− No vil dette komma, men når eg snakkar med folk så opplever eg at det er mange rektorar og lærar som er skeptiske til korleis dei skal få dette til i praksis. Tanken er at dette senteret skal hjelpa dei, seier Resaland.
Nye arbeidsplassar til Sogndal
Han seier senteret skal hjelpa skulane med kompetanse, utstyr, ein webportal der dei kan henta ut ferdige opplegg, oppbacking og oppfølging.
For Sogndal betyr det seks-sju nye arbeidsplassar på Campus.
− Dette er eit resultat av ein lang prosess og systematisk jobbing over lang tid. All den synergien me har på Campus sler nok ein gang ut til nok positivt, seier Resaland.