NY IT-UTDANNING: Frå venstre: Bjørn Harald Haugsvær (varaordførar i Førde), Jo-Andreas Lunde Meisfjordskar (trainee i fylkeskommunen), Ivar-Petter Grøtte (forskar ved Vestlandsforsking og med i IT-forum), Eli Nummedal (instituttleiar for ingeniør- og teknologifag ved HVL), Gunnar O. Hæreid (assisterande fylkesmann og leiar i IT-forum), Kjetil Bjørset (frå INU), Arild Hornes (Innovasjon Norge), Rasmus Stokke (proregion ved Høgskulen på Vestlandet), Trond Teigene (Sparebankstiftinga) og Joar Sande (høgskulelektor og leiar i studieplankomiteen). Foto: Katrine Sele
NY IT-UTDANNING: Frå venstre: Bjørn Harald Haugsvær (varaordførar i Førde), Jo-Andreas Lunde Meisfjordskar (trainee i fylkeskommunen), Ivar-Petter Grøtte (forskar ved Vestlandsforsking og med i IT-forum), Eli Nummedal (instituttleiar for ingeniør- og teknologifag ved HVL), Gunnar O. Hæreid (assisterande fylkesmann og leiar i IT-forum), Kjetil Bjørset (frå INU), Arild Hornes (Innovasjon Norge), Rasmus Stokke (proregion ved Høgskulen på Vestlandet), Trond Teigene (Sparebankstiftinga) og Joar Sande (høgskulelektor og leiar i studieplankomiteen). Foto: Katrine Sele

Høgskulen får ny IT-utdanning – ti studieplassar til fylket

Allereie til hausten kan ein ta ei bachelor-utdanning innan IT ved Høgskulen på Vestlandet.

Fylket: I midten av februar tok arbeidet med å etablera ei næringsretta IT-utdanning i Sogn og Fjordane eit stort steg då styret vedtok å fordela ti av 40 nye studieplassar til fylket, opplyser Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.

– Dette er storveges og viser at samarbeidet mellom næringsliv og offentlege aktørar i IT-forum er viktig for utviklinga i fylket, seier leiar i IT-forum Sogn og Fjordane, assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid i pressemeldinga.

Det faglege grunnlaget for IT-utdanninga er no lagt gjennom IT-forum, med Vestlandsforsking som prosjektleiar og i tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det økonomiske grunnlaget er òg på plass ved at styret i den nye Høgskulen på Vestlandet har løyvd midlar til ti studieplassar. 

Det er ikkje avklart om plassane skal liggje i Sogndal eller Førde.

Startar til hausten

Tildelinga gjer det mogleg å starta opp ei bachelor-utdanning alt hausten 2017, med god støtte frå HVL Campus Bergen og frå næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Med dette får me starta opp eit utdanningstilbod i IKT, og det følgjer opp strategien Høgskulen i Sogn og Fjordane la for å bli meir relevant for næringslivet.

– Samanslåinga til Høgskulen på Vestlandet gjorde det enklare å få dette til raskt, sidan me no har ei direkte kopling til det IT-faglege miljøet i Bergen og er i posisjon til å få tildelt ekstra studieplassar, seier pro-rektor for nærregion Sogn og Fjordane ved HVL, Rasmus Stokke.

Behov for IT-kompetanse

Fylkesmannen gjennomførte ei kartlegging i 2014 som synte eit stort behov for IT-kompetanse i fylket. 

Same år starta IT-forum Sogn og Fjordane arbeidet med å etablera ei IT-utdanning som kunne fylla behovet som særleg næringslivet hadde peika på. Arbeidet fekk økonomisk støtte frå Innovasjon Noreg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og INU-FSF-ordninga. I tillegg stilte fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren, stortingsbenken og næringslivet seg heilhjarta bak initiativet.

Hæreid meiner etableringa av eit IT-studie i fylket viser styrken i «Sogn og Fjordane-modellen», der ein samlar offentlege og private aktørar for å arbeida for konkrete mål.

– Denne modellen ligg bak at fylket vårt presterer i landstoppen for alle dei viktigaste levekårsindikatorane. I IT-forum brukar me modellen for å sikra at fylket framleis ligg langt framme på digitalisering og å ta i bruk IT, seier Hæreid. 

Han meiner etableringa vil koma næringslivet i heile fylket til gode, til dømes ved direkte kopling mellom studentar og verksemder gjennom praksisopphald. 

Til toppen