VILLE UT: Oddmund Løkensgard Hoel, Trine Ludvigsen Rygg og Magnus Nordrum Brøste røyste for å gå ut av fusjonsprosessen, men forslaget til Hoel fall. Foto: Katrine Sele/HiSF.
VILLE UT: Oddmund Løkensgard Hoel, Trine Ludvigsen Rygg og Magnus Nordrum Brøste røyste for å gå ut av fusjonsprosessen, men forslaget til Hoel fall. Foto: Katrine Sele/HiSF.

Høgskulen går vidare i fusjonsprosessen

Styret ville sikre at kvalifiseringsprinsippet ikkje fører til opphoping av leiarar i Bergen.

Sogndal: Rektor Rasmus Stokke presenterte saka for styret, og sa seg godt nøgd med forslaget til avtale som forhandlingsutvalet hadde lagt fram.

HiSF sette opp tolv moment som var særs vesentlege for å kunne gå inn i ein fusjon, og på dei fleste av desse punkta meiner rektor at det er grunn til å vere nøgd med resultatet av forhandlingane.

Høgskulestyret stod torsdag samla om eit vedtak som gir interessene til fylket meir tyng i mot slutten av forhandingane om ein storfusjon med høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.

Satsing på digitalisering

Særleg har Stokke vore glad for at Vestlandshøgskulen får nynorsk som hovudmålform, og får ein tydeleg vestlandsidentitet bygt på vestnorsk kultur, næring og tradisjonar.

Likeeins trekker han fram at den nye høgskulen vil legge betydeleg vekt på å vere attraktiv og tett på studentane, og at også studiestader skal kunne profilere seg innanfor ramma av Vestlandshøgskulen.

– Med det same ein eventuell fusjon er vedteken, blir det sett i gang to svært viktige prosjekt – utviklinga av den nye, femårige lærarutdanninga, og ei tung satsing på digitalisering. Dette er i tråd med våre ønske, seier Stokke til skulens heimeside.

Eiga avdeling

HSH og HiB har kvar tre fagavdelingar med utgangspunkt i dei tre tunge retningane for profesjonsutdanning – lærarutdanning, helse- og sosialfag og ingeniørfag. Her skil HiSF seg ut ved å ha fire avdelingar, og omfattar også meir tradisjonelle universitetsfag frå den tidlegare distriktshøgskule-tida. Desse fagmiljøa driv i dag utdanningar innan naturfag, humaniora og samfunnsfag.

Her vart det lagt fram eit forslag om ei eiga avdeling for samfunn, økonomi og miljø, noko eit samla styre stilte seg bak.

Ville ut av fusjonsprosessen

Styremedlem Oddmund Løkensgard Hoel ønskte at HiSF skulle gå ut av fusjonsprosessen. Han meinte at fusjonsplattforma var altfor generell, og såg fusjonen som ei stor overføring av makt frå Sogn og Fjordane.

– Det som uroar meg, er alle dei problema vi skyv framfor oss. Primært den faglege og administrative organiseringa av ein ny Vestlandshøgskule, sa han.

Hoel kom med framlegg om at HiSF skulle trekkje seg frå fusjonsforhandlingane, noko studentrepresentantane Trine Ludvigsen Rygg og Magnus Nordrum Brøste også røyste for, men framlegget fall. 

Då slutta dei tre representantane seg til resten av styret, og røysta for lista med innspel til sluttforhandlingane med HiB og HSH.

«Vestlandshøgskulen»

I tillegg blei styret samde om at dei ønskte eit Vestlandshøgskulen som namn, med Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Vest etter dette. 

Til slutt vart studentskipnadene i den nye Vetlandshøgskulen drøfta. Her har det vore jobba med ei samanslåing av studentskipnadene, men SISOF – Studentskipnaden i Sogn og Fjordane – har ikkje vore nøgd med løysinga.

Sjølv om det ikkje er høgskulane som forhandlar på dette punktet, kom styret fram til at det gjerne ville støtte SISOF i arbeidet med å sikre at det gode velferdstilbodet i fylket blir vidareutvikla.

Rektor og styreleiar tek med seg merknadene frå styret i neste møte i forhandlingsutvalet, som finn stad 25. mai. Styra for dei tre høgskulane tek endeleg stilling til fusjonsspørsmålet i parallelle møte 9. juni.

Til toppen