VIKTIG FOR HEILE LANDET: Fylkeskonferansen til LO i Sogn og Fjordane meiner at sterke og velutvikla høgskular på ulike stader i landet er viktige for å skaffe arbeidskraft og kompetanse til heile landet. Illustrasjonsfoto: Flikcr/ Harald Groven
meiningar
VIKTIG FOR HEILE LANDET: Fylkeskonferansen til LO i Sogn og Fjordane meiner at sterke og velutvikla høgskular på ulike stader i landet er viktige for å skaffe arbeidskraft og kompetanse til heile landet. Illustrasjonsfoto: Flikcr/ Harald Groven
meiningar

Høgskulen i Sogn og Fjordane må ikkje tvangssamanslåast

Fylkeskonferansen i LO Sogn og Fjordane har vedteke uttala om at Høgskulen i Førde må få ingeniørutdanning innan ingeniørfag. 

  • Endret

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er ein svært viktig institusjon for samfunns- og næringsutviklinga i fjordfylket, og er ein av grunnpilarane for den vidare utviklinga av fylket. Høgskulen har eit breitt tilbod av yrkesretta utdanningar i nært samarbeid med lokalt- nærings- og arbeidsliv. Studentane har god gjennomføring innan normert tid og dei er svært godt nøgde med studentmiljøet. Samarbeidet med næringslivet og kommunane/fylkeskommunen funger godt både med tanke på kompetanseheving og leverandør av arbeidskraft. Satsing på el-kraft og fornybar energi er gode eksempel på korleis samarbeidet med næringslivet fungerer i praksis. Sjukepleieutdanninga i nært samarbeid med Helse Førde og kommunane er eit anna døme på korleis høgskulen samarbeider godt med offentlege institusjonar. 

Lærarutdanninga ved høgskulen er ei av forklaringane bak dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane. Det er difor avgjerande at det også i framtida kan utdannast lærarar i fylket. Ein må sikre utvikling av 5-årige masterprogram i dei sentrale faga gjennom samarbeid med andre høgskular og universitet på Vestlandet 

Samstundes er det viktig å utvikle nye tilbod ved HISF. I fleire år har det vore arbeidd for å få eit ingeniørstudium innan byggfag ved avdelinga i Førde. Næringslivet i samarbeid med ei rekkje organisasjonar har arbeidd med dette i fleire år. Trongen for byggingeniørar er stort i heile fylket vårt. Fylkeskonferansen til LO i Sogn og Fjordane krev at studium for byggingeniørar vert starta opp frå hausten 2016. 

Fylkeskonferansen til LO i Sogn og Fjordane meiner at sterke og velutvikla høgskular på ulike stader i landet er viktige for å skaffe arbeidskraft og kompetanse til heile landet. Høgskulen i Sogn og Fjordane forsyner fylket med arbeidskraft, særleg i dei store velferdsyrka. HISF representerer eit forskings og kompetansemiljø med eit anna blikk enn dei store forskingsmiljøa i byane. HISF er ein stor arbeidsplass og ein motor i den regionale utviklinga. Den gir store ringverknader for fylket og dreg store ungdomsgrupper til Sogndal og Førde. 

Fylkeskonferansen til LO i Sogn og Fjordane er i mot tvangssamanslåing av høgskular. Vi meiner at HISF skal få halde fram som sjølvstendig høgskule. Dette kan gjerne skje i nært fagleg og administrativt samarbeid med andre høgskular og universitet. Vi har vanskeleg for å sjå at satsinga på høgare utdanning og forsking i vår region vil ha meir kraft og effekt, dersom studiestadane Sogndal og Førde skal ha leiinga i Oslo eller Bergen. Ei høgskuleleiing utanfor fylket vil ha dårlegare forankring og mindre kunnskap om fylket. Samspelet med næringslivet og offentleg forvaltning vil bli dårlegare. Høve til å bygge eigen kompetane, kunnskap og FoU- kapasitet vil bli vesentleg redusert. 

Nils P Støyva, distriktssekretær i LO Sogn og Fjordane.

Til toppen