HVL: Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal.
HVL: Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal. (Foto: Høgskulen på Vestlandet/Arkiv)

Høgskulen på Vestlandet får 181 ekstra studieplassar

Det kjem fram i ei pressemelding frå Stortinget.

Sogndal: Regjeringa har i dag lagt fram forslag om 4000 nye studieplassar i landet.

Studieplassane fordelar seg på helse og sosialfag, lærarutdanning, matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-studiar), juridiske og økonomisk-administrative fag og kunstfag.

– Søkjartala frå samordna opptak viste rekordmange søkjarar til høgare utdanning i år. Dette er nok eit resultat av Covid 19-situasjonen landet står i, og er noko vi også har erfart ved tidlegare kriser, seier Frida Melvær, stortingsrepresentant for Høgre.

– Det er viktig å få fleire i utdanning i yrke vi har særleg behov for framover. Det er difor gledeleg at regjeringa no vil opprette mange fleire studieplassar innan mellom anna helse- og sosialfag, lærarutdanningane og matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-studier).

181 nye studieplassar 

Høgskulen på Vestlandet er foreslått tildelt 181 nye studieplassar. Det er HVL som får tildelt plassane innanfor dei ulike faga. Kor studieplassane kjem vert det opp til Høgskulen å bestemme. 

Universitetet i Bergen vil i tillegg få 251 nye studieplassar.

– Ein auke i talet på studieplassar innan lærarutdanning, helsefag og sjukepleie er viktig for å møte behovet for arbeidskraft framover, seier Atle Hamar i Sunnfjord Venstre og Bjarte Haugen i Sogndal Venstre.

Dette er nye studieplassar som mellom anna kan vera relevante for høgskulen sine studiestadar i Sogndal og Førde, legg dei til.

Noreg skal gjennom ei langvarig omstilling, også heilt uavhengig av koronakrisa. Vi må sørge for at arbeidstakarar har den kompetansen arbeidslivet etterspør og sørge for å få fleire i arbeid. Utdanning er nøkkelen til å få det til.

Satsar på kunnskap og kompetanse

Regjeringspartia satsar svært mykje på kunnskap og kompetanse, og har mellom anna lagt fram stortingsmeldinga «Lære heile livet» - ei kompetansereform, for å møte behova for framtida.

– Meir kompetanse og kunnskap legg til rette for at vi kjem oss styrka ut av krisa. Institusjonane vi har i Førde og Sogndal leverer gode resultat som kjem heile samfunnet til gode, seier Tore Storehaug, stortingsrepresentant for KrF. 

Stortinget skal handsame saka i samband med revidert nasjonalbudsjett i juni.

Til toppen