FIRE: Høgskulen på Vestlandet får fire fakultet, noko som er viktig for avdelinga i Sogn og Fjordane. Framlegget kom også frå styremedlem Gunnar Yttri, som er tilknytt avdelinga i Sogndal. Arkivfoto 
FIRE: Høgskulen på Vestlandet får fire fakultet, noko som er viktig for avdelinga i Sogn og Fjordane. Framlegget kom også frå styremedlem Gunnar Yttri, som er tilknytt avdelinga i Sogndal. Arkivfoto 

Høgskulen på Vestlandet får fire fakultet

Styret for Høgskulen på Vestlandet går inn for at høgskulen får fire fakultet. Det er eitt meir enn tilrådinga frå rektor.

  • Endret

Det skriv universitetsavisa På Høyden.

Vedtaket blei gjort torsdag. Rektor Berit Rokne skal like før avrøystinga ha åtvara om fire fakultet fordi ho meinte det fjerde ville bli for lite.

Eit fleirtal på sju av elleve styremedlemmer røysta likevel mot tilrådinga frå rektor. Det betyr at høgskulen får fire fakultet.

Dei tre største fakulteta omfattar helse- og velferdsfag, læring og undervisningsfag, og teknologi, ingeniør- og naturfag, medan det fjerde skal romma økonomiske-administrative fag, nautikk og samfunnsfag.

I vedtaket heiter det dessutan at rektor får fullmakt til å invitera andre fagmiljø med i det fjerde fakultetet.

Til toppen