GODE TAL: Bjørg Kristin Selvik prorektor for utdanning ved HVL melder om fleire søkarar enn i fjor, med fleire hundre på venteliste på fleire studier.
GODE TAL: Bjørg Kristin Selvik prorektor for utdanning ved HVL melder om fleire søkarar enn i fjor, med fleire hundre på venteliste på fleire studier. (Foto: Arkiv / Siv Birgitta Systad)

Høgskulen på Vestlandet: Fleire hundre på venteliste for barnevernsstudiet

Helsefag er populære i år utifrå søkartala ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Sogndal: Barnevernsstudiet og andre studieretningar som vernepleie og sosialt arbeid er populære hjå høgskulen i Sogndal i år med hundrevis på venteliste, det skriv Høgskulen på Vestlandet (HVL) i ei felles pressemelding. 

Samstundes kan høgskulen melde om ein god vekst i søkartal innan barnehagelærarutdanning samt personlig trener-studiet.

– Dei fleste studiene i Sogndal har venteliste og det er gledeleg å sjå at så mange høgt kvalifiserte søkarar satsar på desse utdanningane, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik.

Fleire søkarar enn i fjor

Ifølgje pressemeldinga visar dei totale tala for HVL at høgskulen hevdar seg bra nasjonalt i konkurransen om søkarane.

– Me har fleire søkarar enn i fjor og har omlag like stor andel av totale søkarar til høgare utdanning, sjølv om HVL bare er vel eitt år gamal, sier Selvik.

Ifølgje høgskulen reflekterer søkartala dei nasjonale trendane; helse- og sosialfaga held fram med å vekse i popularitet, samt at det er aukande interesse for utdanninga innan barnehage- og grunnskulelærar. 

Vidare er det ei auke innan ingeniør- og naturvitenskap, samstundes som tala varierar mellom dei ulike fagretningane.

Til toppen