MILLIONDRYSS: Høgskulen på Vestlandet har fått seks nye millionar til satsinga på å rekruttera fleire mannfolk til å bli lærarar for dei yngste.
MILLIONDRYSS: Høgskulen på Vestlandet har fått seks nye millionar til satsinga på å rekruttera fleire mannfolk til å bli lærarar for dei yngste. (Foto: Høgskulen på Vestlandet/Arkiv)

Høgskulen skal bruka 6 millionar på å få fleire menn til å bli lærar for dei yngste

Kun éin av fire lærarar i grunnskulen er menn.

Sogndal: Høgskulen på Vestlandet er med i eit nasjonalt prosjekt der målet er at fleire menn skal bli lærarar for dei yngste elevane. Fredag melder høgskulen at prosjektet blir utvida. No er målet óg å få menn til å søka barnehagelærarutdanning, og at fleire med innvandrarbakgrunn skal velja læraryrket.

Kun éin av fire lærarar i grunnskulen er menn, og talet er endå lågare i barnehagen. Kun 15,4 prosent lærane i grunnskulen har innvandrarbakgrunn, kun 6,4 prosent i barnehagen.

– Det er viktig at lærarstanden speglar befolkninga, og at barn og unge både får mannlege og kvinnelege rollemodellar, seier utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Milliondryss

Like før jul i fjor fekk høgskulen fem millionar frå Kunnskapsdepartementet. Med utvidinga av prosjektet kjem det no seks nye millionar.

Høgskulen på Vestlandet starta i fjor utviklinga av eit mentorprogram, der mannlege studentar skal vera rollemodellar for andre som vurderer å prøva læraryrket. Mentorprogrammet skal frå hausten av ta opp dei nye målgruppene.

– Det er veldig kjekt å få dette oppdraget no på veg inn i sommaren. Me er godt i gong og ser fram til å utvida arbeidet, seier dekan Asle Holthe.

Til toppen