SATSAR PÅ INNOVASJON: Studentar, som her i Sogndal, skal bli meir innovative. Det er målet til eit nytt innovasjonsprogram som startar på Høgskulen på Vestlandet til våren.
SATSAR PÅ INNOVASJON: Studentar, som her i Sogndal, skal bli meir innovative. Det er målet til eit nytt innovasjonsprogram som startar på Høgskulen på Vestlandet til våren. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Høgskulen startar program for å gjera studentane meir innovative

Skal vera praktisk retta, og er mynta på alle, ikkje berre dei som vil starta eiga bedrift.

Sogndal: – Den raude tråden i programmet er å bygga ein kultur for nyskaping blant studentane på høgskulen, seier Roger Ulvestad, som er forretningsutviklar ved Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Dei står bak det nye innovasjonsprogrammet, som startar opp i vår, saman med Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling i Bergen. Budsjettet er på 10,85 millionar over tre år.

Innovasjon i praksis

Ulvestad seier programmet ikkje berre mynta på dei av studentane som vil etablera eiga bedrift, men òg på dei som går dei ulike profesjonsstudiane, som til dømes sjukepleiarane. 

– Gjennom programmet får dei metodar og verktøy for å tenka omstilling og nyskaping, eit tankesett dei seinare kan ta med seg inn i sine respektive yrker, og bidra til innovasjon og endring i den organisasjonen dei skal jobba i, seier Ulvestad.

Programmet skal vera praktisk retta, med ulike aktivitetar på campusane. Det er òg eit mål å jobba tett med bedriftene for at dei skal løfta fram konkrete utfordringar i næringane.

– Me trur det vil inspirera elevane å bli utfordra til å komma opp med nye løysingar på reelle problem, seier Ulvestad.

Treng økonomisk støtte

Programmet startar først opp i Bergen, Sogndal og Førde, men skal på sikt utvidast til å gjelda alle campusane på Høgskulen på Vestlandet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt 600.000 kroner i støtte over tre år til innovasjonsprogrammet. Enno manglar det ein del før det er fullt ut finansiert.

Ulvestad er glad for støtta frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og håpar at Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune vil følgja eksempelet. I tillegg håper han det private næringslivet vil sjå nytten av å bidra.

– Det er veldig positivt at fylkeskommunen går inn og støttar dette arbeidet her, sjølv om det ligg utanfor det klassiske mandatet til ein høgskule. Bidraget har vore heilt avgjerande for å få det til, seier Ulvestad.

Til toppen