REKORTID: H-masta som velta i vindkasta vart jekka opp att på litt over ein time.
REKORTID: H-masta som velta i vindkasta vart jekka opp att på litt over ein time. (Foto: Runar Voll Vangsnes)

Høgspentmast velta i sterke vindkast - reiste ho opp att på rekordtid

No jobbar mannskapet med å fiksa fleire feil.

Vik: Klokka 9 fredag forekom det ein feil på linja til Fresvik-Frønningen. Sognekraft sende ut mannskap for å finna feilen, melde dei på si heimeside

Klokka 10:30 oppdaga dei at ei høgspentmast hadde velta i den sterke vinden. Berre etter 1 time og 15 minutt, hadde overmontør Oddvar Grønsberg og mannskapslaget fått jekka opp att H-masta. 

– No er straumen tilbake hjå innbyggjarane på Vangsnes, og me håpar det vert situasjonen framover. Det er observert fleire trefall på andre linjer i området, heiter det. 

Grønsberg og mannskapet er sendt ut for å fiksa desse feilane snarast.

Feil på nett

Sognekraft opplyser fredag ettermiddag at dei har oppdaga ein feil på 22-kilovolt nettet Hove, Vangsnes, Feios og Fresvik. 

Mannskap er på veg.  

Til toppen